Men kort fortalt, så ha me brukt dagane på å gått litt rundt i Cabarete så Mats og Lilja skal få bli kjent med plassen, skule, og basseng/standliv.
Skulen er hard, men hvis ein får nok søvn og gjer ein innsats, så går det akkurat...! Vanskeleg å holde koken ein heil dag i denne varmen, idag har me hatt 30 grader i skyggen her, og vore ute stort sett heile dagen. Det merkast godt! Ikkje berre fordi me er vorten godt solbrente heile gjengen, men me er rett og slett ikkje vant til ein sånn temperatur og luftfuktighet..
I går testa eg ut "sugaring" for å gjera meg klar for stranda, altså voksing med sukker. Ganske spesielt, ein klump med halvsmelta sukker som dei drar utover huden, for så å riva den av igjen, krølla den tilbake til ein klump, og bruka om att! :p
Ellers skulle eg prøva meg på salsa-kurs, men det gikk vel relativt dårlig, så det har eg slått fra meg. Rytmehandicappa nordmenn egna seg best til å trampa takten med foten i sittandes positur!!
I dag fekk eg og Mats prøvd oss på surfing, og DET derimot, var kjempeartig!! =D
Begge kom seg opp på bretta nokre gonger, og trur me kjem til å prøve meir begge to, bilde kjem!! ;)
Det er forresten ein stor vannsport-festival/konkurranse her no, så det er stappfullt med folk som konkurrerar i all slags vannsport her no, men me orka ikkje sitte å sjå på, ikkje lika spennande som å drive på sjøl.. Kjem ikkje på så mykje meir å skrive, så avsluttar med nokre bilder frå dei siste dagane! :)
Eg holdt løftet mitt til rastaflette-dama på stranda, så Lilja har no fått seg ny sveis med perler og det heile, SÅ stolt! ^^
The mother of all calzones!!! ^^ Hadde den berre smakt lika godt som den var diger, men dessverre.. :p
Kiting er ei STOR greie her nede, det er kiter i lufta overalt, og mange av dei lokale her er sinnsjukt flinke! Eg sat berre å gapa på stranda idag, heilt vilt, må ta med den ordentlige kameraet ned ein dag å få tatt litt bilder når dei blir løfta opp i lufta og gjer triks!
Lilja ELSKA å vera på stranda !
I tillegg trur eg at eg ha funne verdens beste is-kiosk her nede, første gang på fleire år det har smakt så herlig med is hvertfall! Og Lilja var meget enig! ;)
No søve Lilja som ein stein etter ein lang dag, og eg og Mats skal tilbringa kvelden med hyppige dosar after-sun og tv-program på spansk me ikkje forstår (enda!!) ;)
Ciao!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar