mandag 13. februar 2012

Hello America!

Ja, da var eg på plass på hotellet mitt i Newark!
Etter ein tur med veldig lite søvn, forholdsvis lite mat, ein del turbulens, og litt meir jack&cola, var det ganske greit å endeleg få føtene på fast grunn etter nesten 9 timar i lufta. Hadde det ikkje vore for at ein nærast må hjernescannast etter ein har landa i USA før ein får sleppa inn i landet ville eg sagt at det egentleg var ein ganske grei tur! Både maten og underholdningen på flyet var bra, det skal dei ha! ;)

Men 1,5 time i kø for å få henta kofferten sin etter å ha reist i 20 timar og i tillegg 1 time ventetid for å komma seg på hotellet var passe bånn for ein sliten kropp, men hey, eg kan jo sova heilt til 5 i morgon tidleg før det er påan igjen! :p

Så no har eg skyfla innpå kylling i krema sitron/kvitvinssaus med heimelaga potetstappa og kvitløkssteikte grønnskaker i resturanten på hotellet, og planen for kvelden vidare er å gjera MINST mulig. Berre gleda meg til få komma meg på plass i Cabarete i morgon, hiva på meg bikinien og finna stranda og få anna selskap enn berre meg sjøl! ^^
(Eg er umulig å diskutera med...) :p

God natt fra meg til alle der heima, love you guys! ;)

-Lene-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar