Idag har eg hatt den første introduksjonsdagen her i Cabarete ilag med dei andre studentane som skal Spansk. Me blir ca. 8 stykker totalt, så me er ei ganske liten men veldig fin gruppe, masse kjekke folk med forskjellig bakgrunn og alder, trur me får det kjempefint! ;)
Idag starta me med felles frukost på Hummingbird (der dei andre studentane bur) , og fortsatte så med ein tur gjennom Cabarete for å sjå og få forklart litt av det som var der. Lunsja på stranda, på ein resturant eg av forskjellige grunnar ikkje kjem til å besøke igjen, men for å sei det sånn så prøver ein del folk her nede å lure til seg ein del meir pengar en dei skal ha. Stod på menyen at 10% tips kom i tillegg, men når rekninga kom var det 26% tillegg, pga. skatt kom i tillegg. Og som om ikkje det var nok var prisane på all maten heilt bytta om og forandra, og ei Cola light kosta dobbelt så masse som ei vanleg Cola, ja, det var berre altfor mykje som skurra...
Etter det vart det ein tur til supermarkedet for å handle inn litt mat til å ha i leilegheita, og i minibanken her nede blir du møtt av sleke kjekke karar :
Eg sniker ikkje i køen her for å sei det slik! :p
Etter det var me på infomøte om sosialt arbeid, der me skal gjere litt diverse frivillig arbeid for lokale born. Eg skal vere med å lære vekk engelsk til Dominikanske born 1 time i veka, så det gledar eg meg til! I tillegg er det eit prosjekt som dreiar seg om medisinsk hjelp i ein veldig fattig landsby i nærleiken, men det kjem eg tilbake til seinare. Blir hvertfall veldig spennande!
Me fekk og sjå ein dokumentar om historien til den Dominikanske Republikk og nabolandet Haiti som ligg på same øya, dette kan eg og forklara litt nærmare ein anna dag, men det var hvertfall ganske intressant og spesielt...!
I morgon ventar dykking i bassenget på Hummingbird, og ein time med Jiu Jitsu (kampsport) , og ein kort introduksjon i kiting på Kitebeach. Gledar meg masse, og no er klokka 00.39 her, så eg får finne senga så eg er klar for morgondagens utfordringar som begynner 10.00 i morgon! ;)
-Lene-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar