tirsdag 14. februar 2012

Kor skal eg begynne....?

For ein dag!!
Etter å ha avslutta gårsdagen ca. sånn :

Var det herlig å våkne til alarmen klokka 05.00, og finne ut at det faktisk stod ein shuttlebuss KLAR utafor lobbyen, for å ta meg med til den fantastisk ulogiske og store flyplassen i Newark, som HELDIGVIS hadde:
                                                                STARBUCKS!!!!!

Ein gigantisk vanilla latte og ein smoothie seinare, var eg klar for avreise, igjen..!
Og turen gjekk egentleg som ein leik. Enda meir frukost (egg and cheese bisquit?!??) og litt triveleg smalltalk med eit eldre amerikansk ektepar ved sidan av meg, og POFF, så var eg framme!! =D

Det første som møter meg på flyplassen i Puerto Plata er, nei, ikkje hjernescanning, men ei blid dame som ønsker meg hjerteleg velkommen til den Dominikanske Republikk, og gir meg eit glas Dominikansk-rom! Det kallar eg ein skikkeleg velkomst! :p
Rett utanfor døra venta barnevakten vår, Anja, og me hivde oss inn i ein taxi som skulle ta oss til Cabarete. Og for å sei det slik. Norsk standard kan ein berre legge HEILT fra seg! Her var det snakk om ei frontrute som var såpass sprukken og knust at eg sat nærmast å venta på at den skulle komme inn i bilen til meg...! Langs vegane kjøyrer folk forbi med 3 og kanskje 4 stk på EIN moped, og bustadane og alt anna som står langs vegen er så hinsides det eg er vant med heimefrå som ein kan få det til. Folk som bærer digre bøtter på hovudet, folk som selger frukt utav falleferdige tilhengarar, murhus med rustne bølgeblikk-tak, laushundar overalt, ja, det vart så masse inntrykk at eg klarar ikkje heilt sette ord på alt.

Kontrasten var stor då eg fekk sjå leilegheita vår :



                            Til samanliking, her er eit par bilder fra hovudgata i Cabarete :



Eg får ikkje heilt illustrert det med desse bilda, men eg skal ta meg litt tid til å fotografere litt ein av dagane så eg får vist dykk kva eg meinar, her er hvertfall nok av inntrykk!

Ellers har eg vore ute å ete (noko som er nesten gratis her), kjøpt ny mobil med Dominikansk nummer (og nesten gratis, 100kr for ny mobil med sim-kort og ringetid), vært å fått herlig massasje, og truffe dei andre studentane og vore ute å prata og hatt det kjekt! ;) Avsluttar med eit bilde av stranda (litt gråvær sjølvsagt idag men), også håpar eg dykk har det bra alle saman der heime! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar