I går starta me dagen med dykking i bassenget på Hummingbird, med fullt utstyr og instruktør og full pakke! ;) Det var før det første VELDIG uvant å puste under vatn, og lufta som er i oksygentankane føles veldig tørr å puste inn. I begynnelsen kjendes det ut som om lungene mine ikkje fekk noko som helst utav all lufta eg pusta inn, men når ein berre pressa seg sjølv til å venje seg til det så gjekk det etterkvart heilt greit. Instruktøren var fra Luxemburg, og heilt ufattelig løgen, eg er overbevist om at han har ein stand-up karriere på si! Fekk ikkje med meg halvparten av det eg skulle fordi me lo så masse, men det gjorde jo teoridelen utruleg mykje greiare! :p
Her er eit bilde av to av jentene i klassen under bassengdykket:
I bassenget måtte me gjera ein del forskjellige øvelsar, som å vise at me klarte å få ut vatn frå maska under vatn, ta ut munnstykket me pustar i (huskar ikkje kva det heiter i farten) medan me var under vatn og putte det inn i munnen igjen og få ut vatnet frå munnen og sånne type ting.
Det var ein ganske intressant og uvanleg opplevelse for oss som aldri hadde prøvd noko sånt, så me bestemte oss for å melde oss på eit ordentlig dykk, i havet, der me får dykka ned til omlag 12 meters djup. Det blir sikkert VELDIG skummelt for ei pingla som er redd for fisk ( haha, ja eg veit, men eg er berre nødt å prøva :p ) , men trur det blir ein kjempeopplevelse! Mandag er dagen, så kjem oppdatering om korleis det gjekk etter helga ein gang! Hvis eg likar det så godt som eg håpar, så tippar eg at det blir invistert i fullt kurs som gir meg såkalla PADI-lisens, da kan eg dykka kor som helst i heile verda etterpå...! :)
Etter det reiste me på det som blir kalla Kitebeach, den delen av stranda som alle kiterane brukar, og inn på ein plass der som heiter Extreme, som driver med opplæring i diverse kampsportar og yoga. Der fekk prøva ein time med Jiu Jitsu! For dei som ikkje veit kva det er, så seier google følgande :
| |||||
Som dykk ser øvde me forsvarsteknikkar i par, utenom meg, som ser ut til å drive på for meg sjølv borti der... :p Intressant å få testa, men litt meir action hadde vore bra trur eg, me låg mest på bakken og prøvde å holda parteren vår unna oss. Utenom meg som sagt, eg står jo å trenar litt meir avansert kampsport på eiga hand...! ^^
Etter me var ferdige der, rusla me eit stykke bortover stranda til ein av kite-skulane, der me fekk prøva å styra ein liten øvelses-kite på land. Kiting er ein veldig populær sport her borte, og blir rekna som ekstremsport. Enkelte hevdar at Cabarete er kitesurfingens fødestad, så det er egentlig ein livsstil for veldig mange her borte, og det kjem folk fra heile verda hit for å kite på grunn av dei gode forholda. Det går ut på å stå på eit slags surfebrett som du får festa føtene litt i, også styrer du ein skjerm i lufta som da dreg deg bortover vatnet, og av og til opp i lufta. Så kult ser ein ut hvis ein øver lenge lenge LENGE :
Kiting er populært enkelte stadar i Norges også, og mange kitar og i snø.
Me fekk jo berre tørrtrena på land med ein liten kite, men det var ganske artig når ein fekk inn teknikken å klarte å holda skjermen i lufta utan at den kræsja, men det var forholdsvis lite vind, så det var ikkje så enkelt i starten. Her får Malin i klassen hjelp av instruktøren til å finne den riktige teknikken:
Har ikkje heilt bestemt meg for om eg vil ta eit ordentlig kite-kurs enda, men det er ikkje umogleg! ;) Skal ta ein dobbeltime med surfing først for å testa ut korleis eg likar det, greit å få prøvd ut litt forskjellig før eg legger masse pengar i eit heilt kurs.
Etter ein dusj og reine kle, så reiste alle i spansk-klassen på stranda på ein resturant/bar som heiter Lax, der me feira bursdagen til ei i klassen som heiter Marita, med superbillig tapas og mojitos! ;) Happy hour på begge deler, betalte ca. 15kr per tapas-rett, og det var eit ganske stort fat! Kvelden fortsatte med bar-runde på stranda, masse dansing, og masse kjekke folk! :)
Dagen idag har vore mindre fin, delvis fordi det var ladies-night med gratis drinkar på stranda, men minst lika mykje fordi eg trur eg har fått den forventa men likevel utruleg kjedelige reaksjonen på at eg befinner meg i eit land med totalt framand bakteriekultur. Har egentleg berre holdt senga heile dagen, svimmel og varm, kvalm, ja, ingenting å ropa hurra for.. Gikk pga detta glipp av heile opplegget som var satt opp for dagen, både rundturen i Callejon ( den fattigaste bydelen, der dei fleste Dominikanarane bur) , og stranddagen.. =/
Prøvde meg bort på Hummingbird på fellesmiddag, men det fungerte dårleg, så eg måtte berre bli kjørt heim av Birgit som eig Hummingbird. Veldig kjedeleg sidan dei hadde leigd inn to instruktørar som skulle lære oss salsa, merengue og bachata oppe på taket på Hummingbird, noko som sikkert var utruleg kjekt..! Men men, eg får ta det att ein anna gong! No er det berre å slappe av heima med Gatorade, og pizza som nokon søte jenter var så greie at dei reiste å kjøpte for meg. Planen er å vere frisk og fit for fight til i morgon, så eg er klar for utflukt til dei 27 vannfallene i Damajagua, som eg trur blir kjempemorro!! Der skal me klatra, hoppa og skli, sånn som på detta bildet eg fant på nettet som er tatt dit me skal:
Etter det skal det vere velkomstfest heime hos Papon, som jobbar på Hummingbird. Dette er ein tradisjon eg har høyrt mykje bra om, der samlast både elevar og lokale gamle og unge, og et mat, dansar og kosar seg! Kryss fingrane for meg!! :)
-Lene-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar