Jepp, da var introduksjonsveka over, og første skuledag kom som julaften på kjerringa!
Eg har fortsatt vore litt halvskral idag, så vart litt for lite søvn i natt, og dermed ein ganske slapp første dag. Og lat meg berre understreka det med ein gang: slapp og sakte er IKKJE ord som matchar tempoet på undervisninga her!!.. Me skal tross alt gjennom godt over 3 år spansk på 3 mnd, og det merkast godt. Men, lærarane er utruleg kjekke og blide, og ikkje minst flinke. Me har 2 forskjellige lærarar i spansk, pluss at kordinatoren vår gjennom Studyaway som tilrettelegger det meste for oss ( Anne Grethe), skal ha oss i konversasjonsgrupper 1 gong i veka. Trur at når formen får stabilisert seg, og eg får Mats og Lilja hit så eg får sove litt bedre om nettene, så kjem det til å gå fint! :)
Utruleg kor mykje ein snappar opp berre gjennom dagleglivet her, er så smått stolt av meg sjøl som bestiller og spør etter rekninga på spansk, og ber sjåførane kjøre litt sakte, hehe... ^^
Ellers, så vart det enkelt og greit ein siesta (kvil), som seg hør og bør her nede. Og etter det drog eg med meg June (fra klassen) på Millenium Hotel og på SPA`et som er der. Ho fikk røska ut alle hår på heile kroppen, eg fikk pedikyr og manikyr, fin fordeling! :p
Fransk manikyr (på hendene) og pedikyr ( på føttene) gjorde seg jammen på mine mindre velstelte hender og føtter etter all reisinga! :p Ser hvertfall veldig flott ut, og alltid litt godt å få føle seg litt bortskjemt og dulla med... ^^
I morgon ventar ein ny skuledag, og første dag med "community work", altså arbeid me gjer frivilleg for samfunnet/folka her nede. Eg gledar meg til å prøve lære vekk engelsk til ungane her, eg elskar jo å skrive/prate engelsk, og ungane her er berre utruleg skjønne og hengivne, så det blir kjekt! :)
I tillegg får eg jo ned LILJA MI hit imåro!!! <3
Gledar meg sinnsjukt til å sjå ho og Mats igjen, og å visa dei rundt her nede! :)
Bilder fra velkomstfesten hos Papon på Lørdag er nesten klare, men eg må gjere lekser no, så det får eg ta i morgon..! ;)
Hasta luego mi amigos! ;)
-Lene-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar