søndag 19. februar 2012

Jaja...

Så vart det sjølvsagt ingen tur på meg til de 27 vannfallene i Damajagua, MEN, eg har vedteke at i påsken skal eg og Mats reise dit ilag med ei fra klassen og 2 venninner som kjem på besøk til ho! ;) Det var visst ein kjempeartig tur, så eg vart bittelitt misunnelig når eg såg bildene som Studyaway la ut på sida si fra turen idag, meeeeeen, den som ventar på noko godt! ;)

Men seinare på dagen når dei andre var komme att, var eg i såpass form at me drista oss til ein liten shoppingrunde og ein tur på stranda. Kjøpte vel egentlig ingenting til meg sjøl, kun ein liten presang til Lilja og Mats ( ja, no kan dikka lura no, Mats og Lilja!! ), og ei "Presidente" på stranda, hehe... For dei som ikkje veit, så er Presidente det mest kjente ølet her nede, det er like logisk som at alle heime veit kva Ringnes er.

Lyst og altfor lettdrikkelig, og når folk kjem springande til deg når du er på stranda i solsteiken og spør om du vil kjøpe ei iskald øl for 15kr, njaaaaa, ok da! ^^
Det er som i syden-land flest folk her som vil selge deg alle mulige slags tjenester og ting. Første dagen eg var her vart eg tvangs-rastafletta på stranda, men eg klarte heldigvis å slita meg laus etter berre 2 fletter, trur ikkje eg hadde sett særlig bra ut hvis eg hadde blitt sittande ein halvtime til...

Det hadde hvertfall blitt tungt, for perler skulle det vera, og dei skal festes med ein god neve aluminiumsfolie som dei pakkar og klemmer og vrir rundt håret ditt! Einaste måten eg klarte bli kvitt dei på igår var når eg lova at dei skulle få flette håret til Lilja når ho kom, hehe, da vart ho dama superhappy og gliste rundt, og smilte berre fornøygd til meg resten av dagen! ^^

Etter eit par timar på stranda tok me moto-taxi heim for å gjer hos klare til Karibisk-bygdefest, eller velkomstfest, hos Papon som jobbar på Hummingbird.

Trafikken her er heilt VILL, og det står 5-10 moto-taxiar klare, eller enkelt og greit mopedar, over alt! Det kostar på dagtid ca. 25 pesos fra meg og til sentrum eller bort til Hummingbird, noko som er ca. 4 norske kroner. Om kvelden kostar det som regel det dobbelte. Sjølv om trafikken her virkar heilt uforståelig for oss turistar her, så er det tydelig at dei har utvikla eit slags system med tuting og veiving og fletting her, så sålenge du ber dei kjøre sakte, så er det ikkje så skummelt som eg først trudde. Her er det plass til hvertfall 3 og kanskje 4 på EIN moped, og dei har til og med påmontert eit par ekstra fotstøtter til passasjerane! :p Hvis du ser nøye på bildet over sit det ein liten unge mellom dei to voksne på den første mopeden (noko som er langtfra uvanleg, her tek dei gjerne ein baby under armen bakpå mopedane) , og nei, ho snakkar ikkje i telefon, det er faktisk ei banan! =D

Tilbake til gårsdagens velkomstfest. For ei oppleving! For det første var det mitt første møtet med Callejon, som er bustadsområdet i Cabarete. Veldig fattig, og så langt fra sånn det er heime at det var heilt surrealistisk... Eg hadde ikkje med kamera, men googla eit bilde til dykk :

Jepp, sånn bur folk... Dei fleste hus har betonggolv, men nokre har berre jordgolv. Glasruter er veldig dyrt, så dei har dei ikkje... Det huset me var inne i under festen, altså, der me gjekk inn hvis me måtte på do, det trur eg var relativt bra til å vere her, der var det straum og betonggolv, og delvis vegger. Nokre rom var avskilt berre med eit forheng, mens dei veggane som var der var meir sånn som mellom båsane på eit offentleg toalett, dei begynnar eit stykke over golvet og sluttar ved hovudhøgde.

Toaletta her nede går ikkje an å kaste dopapir i, så det kastar du i ei bøtte/bosspann som står ved sidan av doen. Dette gjeld også i den finare delen av byen, på resturantar o.l. Trur det er sånn i heile landet med enkelte unntak. Leilegheita vår er såpass ny og fancy, for den er jo meint for at turistar med mykje pengar skal kjøpe, så me kan faktisk kaste papiret i do, og me har dusj med varmt vatn og skikkelig trykk! Og det er langt ifrå sjølvsagt her...
                                                             Dette er då ein dusj....

Med dette trur eg at eg stoppar for i dag, så kan eg fortelle om sjølve festen og prøve få tak i litt bilder frå den til i morgon! Den var hvertfall veldig kjekk, såpass kan eg sei!! :)

Dagen idag er det ikkje stort å sei om, da den har vore tilbragt stort sett inne aleine i leilegheita utan noko særleg intressant aktivitet. Mesteparten av dei andre er på karneval i La Vega, men eg orka rett og slett ikkje all busskjøringen og det maset idag, trur det er ganske intenst der. Kom nokon snille sjeler forbi meg istad og lurte på om eg ville være med ut å ete (dei få som ikkje reiste på karneval) , men då me kom til resturanten måtte eg rett og slett berre snu og ta moto heim, vart skikkeleg kvalm og uvel av varmen...

Så, satsar på dagen i morgon blir bedre, da står første økt med Spansk på timeplanen, og etter det skal eg på dykking i HAVET! =D

Oppdaterar dykk att i morgon, buenas noches til alle saman her fra Cabarete! ;)

-Lene-

2 kommentarer:

  1. hei,har no fått hjelp til å komme på bloggen. No har eg fått lest om starten din og gledar meg til å høyre korleis det går med deg framover:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! :) Første kommentaren på bloggen min, kjekt at du følger med! :)

      Slett