onsdag 22. februar 2012

Now it feels like home

Endeleg, etter atter ein dårleg dag på Tirsdag med både legebesøk og heile pakka, kunne eg i går kveld reisa på flyplassen å henta Mats og Lilja mi!! =D
Det var berre ein heilt FANTASTISK følelse å endelig kunne holda rundt vetle jenta mi igjen, fytti katta kor mykje eg har savna ho!! <3 Og Mats da sjølvsagt! ;) Men når Lilja strekte hender mot meg og ropte "Mamman miiin!!" til meg på flyplassen, da var det umogleg å ikkje få tårer i augene...!

Turen deira hadde gått veldig fint, og Lilja hadde fått sove ein del på flyet, så ho var mildt sagt VILL når ho kom fram, og ville rett på stranda! :p
Sidan klokka var nesten 22.00 så måtte me diverre skuffa ho der, men ho fekk hvertfall møte Anja, barnevakten sin, og dei fann tonen med ein gong! Dei sprang rundt ein time i leilegheita her og leika seg, så me skjønte heldigivs kjapt at det var ein god match! ;)

Klarte ikkje få Lilja til å landa att før klokka var nærare 01.00, og klokka 03.00, ja, da hadde ho bestemt seg for at det var morgon, og at ho skulle ut og bade... Så vart relativt lite søvn i natt kan ein sei, men til tross for det gjkk skuledagen og dagen ellers veldig greit. Mats henta seg raskt inn på spansk-kurset, og Lilja fann mykje spennande å gjera på ilag med Anja her i Cabarete! :)
                                    Her kosar ho seg med puslespel på Hummingbird! :)

Etter skulen reiste me ut å kjøpte oss god mat på ein resturant som heiter "Friends" å kjøpte oss mat, som var veldig god, og det første måltidet eg har klart å fullføre her nede. Spørs om ikkje det hjalp på formen å få resten av familien ned hit! ;) Etter det var det flip-flop (jesus-sandaler) handel til heile familien, og ein tur på Belgisk bakeri for å kjøpe brød (dei har jo NULL grovbrød på butikkane her nede) , og litt dessert..! ;) Og når me kom heim å fikk dusja slokna heile gjengen gitt, så no har eg og Mats stått opp for å lese til prøve, så vil tida vise om Lilja søv rundt eller ei...
Kosa seg med "Mummitrollet" på dvd og kjeks i senga, tydelegvis litt for kos, for 10 minutt seinare sov ho som ein stein! ^^


Ellers heilt til slutt, har eg funne nokre bilder fra velkomstfesten hos Papon på Lørdag, som eg har lånt fra facebooksida til Studyaway.
God stemning!! :) Mannen til høgre på det øverste bildet er Papon, verdens blidaste mann, smiler alltid! :) Ungane her var utruleg kontaktsøkande, og dei styrte godt på med oss og ville leike og danse. Malin, på det underste bildet, fekk til og med middagsinvitasjon fra søstra til Papon, så her manglar det ikkje på gjestfriheit sjølv om dei kanskje har mykje mindre enn oss.

Ingen fest utan musikk, og me fekk live-musikk fra eit lokalt band som spelte bachata og merengue, som er dei to mest vanlege musikktypane her i tillegg til reggeaton. Eg fekk øvd inn litt bachata-mooves med mannen som spelte trommer, kjempeartig! :)

Mykje leik og moro! Dei hadde pynta med ballongar og papirband, og etter kvart vart mange av oss dekorerte med band av ungane. Digitalkamera vart noko dei syntes var kjempestas, så dei fekk låne seg kamera av oss og sprang rundt og fotograferte oss og familiane sine, var mange som hadde ein del artige bilder på kameraene sine å sjå tilbake på dagen etter for å sei det sånn! ^^

Ellers, så var maten KNALLGOD, typisk Dominikansk mat som bestod av grilla kylling og svin, friterte grønne bananer, fritert søtpotet, yucca (ei type rot) som var steikt ilag med løk, ris med grønnsaker, og rett og slett utruleg mykje godt for ein kver smak! Min favoritt må vere frityrsteikte bananskiver og yoca som me dippa i ketchup, namm!! :)

Det var i det heile ein veldig spesiell kveld, noko ein kunne ana allereie når me kom inn i bydelen. Me var jo meir som ein parade av pynta, kvite folk, så folk kom ut fra butikkane og husa sine for å sjå på oss når me gjekk forbi. Føltes som om me var ein del av ein parade, og det var ganske tydleg at dei dei syntes det var veldig spennande med alle desse ukjende folka som kom gåande der i flokk. Gjestfriheita og humøret til lokalbefolkningen var noko heilt anna enn eg er vand med fra heime, og uansett kor dårleg det ved første augekast kunne sjå ut som folk hadde det der, så var alle smilande og blide, og me var alle enige om at det hadde sin heilt eigen spesielle sjarm, sjølv om standarden ikkje kan samanliknast med den me er vande med fra Noreg.

Føler meg veldig heldig som har fått opplevd så mykje, og enda har eg berre vore her litt over ei veke...! Gledar meg veldig til fortsettelsen! ;)

-Lene-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar