onsdag 29. februar 2012

Oi!

Ja, sjå der, da var det plutselig blitt onsdag allerede! På tide med ein liten oppdatering! :)

Mandag var det 27 Februar, som er Uavhengighetsdag, altså nasjonaldagen, her på den Dominikanske republikk!. Dette er, rart nok, ein dag som etter som eg har forstått, kan bli flytta litt på alt etter som det passar dominikanarane... Men det vart på rett dag i år hvertfall :p
Dagen blir ikkje feira så mykje her i Cabarete. Det er ikkje slek me tenkjer når me tenkjer nasjonaldag, sjølv om joda, dei gjekk i tog. Men alle butikkar her uten om den største daglegvareforretninga var opne, og det forgjekk absolutt ingenting anna her utenom eit tog i 10-tida om morgonen. I hovudstaden Santo Domingo derimot er det meste stengt, og dei har diverse konsertar og arrangement, sidan det er der regjeringa sit osv. Anne Grethe (koordinatoren vår i Studyaway) , var som vanleg ute med kameraet sitt, så her er nokre bilder fra toget, som eg og Mats faktisk var så heldige å få med oss! :)
       Litt spesielt å få med seg syns eg, sjølv om det ikkje var så mykje anna som skjedde! :)

Seinare på dagen så viste det seg at LITT forskjell var det da likevel, for i sentrum, der virka det som om ALLE i heile Cabarete skulle ut av byen samtidig! Detta bildet er fra fortauet, me måtte berre hoppe ut i ei grøft..

                                                Så, me berre tok oss ei kokosnøtt..

..og prøvde gå videre å finna ein plass som ikkje var dekka av mopeda og bilar og lastebilar og gudveit, men det var bilar over alt... Eg tok eit par korte filmsnuttar, men veit ikkje om det er så mykje vits å legge ut, de får heller skrike ut hvis det er noko dykk vil sjå! ;)


Men, mat må ein ha! Så me prøvde oss ut fra værste turiststrøket og ned mot Hummingbird, og det ein her heime nok vil karakterisere som meir tvilsomme resturantar, eller, skur...
Me hadde fått beskjed om å kanskje vente litt med å ete på dei lokale plassane til me var blitt litt vant til bakteriefloraen her nede, så me sjansa på at me var herda! :p For denne resturanten ryktast nemleg å ha den beste kyllingen i Cabarete, og her får du full middag med alt tilbehør for ca 15 kroner, så det passar godt inn med planane våre om å bruke mindre pengar på mat ute! ;)

Og gjett om me vart glade då me smakte maten! Herlig, smakfull og faktisk saftig nygrilla kylling! Ved sidan av fekk me salat, bønner, ris og yoca-rot, knallgodt!!


                               Og, kanskje best av alt, Lilja fekk seg nye venner! :)
                                            Liitt sjenert fyst, men det løsna fort! ;)
Spesielt han vesle guten vart ho god venn med. Dei lagde sølekaker og styrte på, faren hans var grilmester på resturanten, så bildene er faktisk tekne frå der me sat å åt, sjølv om det kanskje ikkje ser slek ut... Etter 10 minuttars tid kjem Lilja springande bort til bortet vårt og seier ivrig til meg : "Han e vennen min han, mamma!!" <3

Herlig dag! :)
I går var eg ute og åt kvelds på ein resturant saman med jentene i klassen, og der kunne dei ikkje engelsk, så der vart me tvungne til å bruka spansken vår, veldig lurt!! Utruleg kosleg kveld, har havna saman med ein veldig kjekk gjeng! :)

Idag skulle Mats på stranda å ha sin første kite-time, men den vart diverre avlyst. Så satsar på han får teke den i morgon! Så da vart det litt trakking istadenfor, og avslutta med fellesmiddag med både idrett og spanskgruppa på Hummingbird. Dominikanske kjøttbollar og potetstappe, me fekk NESTEN litt heimlengsel, smakte omtrent som norske kjøtkaker, så skrapte omtrent tallerkenane alle 3! ^^
No er det øving til gloseprøve i morgon, og eit forsøk på å prøve å kartlegge helgane framover, er jo så mykje som skjer heile tida, men eg likar det!! ;)

Ønsk oss lykke til i morgon, så snakkast me! :)

søndag 26. februar 2012

Hohei!

Da var enda ein dag over, og eg og Mats har faktisk fått unnagjort alle leksene (ja, me har lekser i helgene, ekje berre velstand skjønna dikka!!) , og har velfortjent innteke sofaen. Dagen idag kan vel hovudsakleg beskrivast med 2 ord : leik og bading! ;) Me tok lunsj heime med medbrakt norsk tomatsuppe, og middagen vart innteken på ein resturant/bar på stranda som heiter "The front loop". Det var egentleg ganske fint, for den hadde faktisk badebasseng og boblebad i tillegg, så der hadde Lilja underholdning LENGE etter maten var fortært, som for hennar del stort sett bestod av ein kopp varm kakao... Etterpå var me, igjen, på verdens beste is-sjappa og bestilte tidenes beste pistasje-is, og toppa det heile med litt handling og pruting hos ein lettare overentusiastisk dominikanar!

Men sånn medan eg er inne på økonomi, fant eg nettopp ut at ei gjennomsnittleg løn for ein dominikanar ligg på rundt 6000 pesos i mnd, noko som tilsvarar i underkant av 1000 norske kroner... Det var derfor ein aldri så liten tankevekkar da me fann ut at pengane me har brukt på å eta ute, handla inn mat og kjøpt solbriller, caps, og sandalar for idag tilsvarar omlag ei heil månadsløn for dei personane me har handla av... Det vart derfor einstemmig vedtatt at me frå no av opererar med budsjett, som skal fastspikrast i morgon den dag! Me vil sjølvsagt sjå landet her og prøve oss på diverse aktivitetar, men me kan rett og slett ikkje ete ute alle måltid og drive med diverse småkjøp heile tida. Så det..!

Ellers, her er litt bilder fra dagen idag:
Me var på gekko-jakt i hagen idag, og til Lilja sin store glede så tok det ikkje lang tid før me fann ein! :) Kjemepesøte og lynraske skapninga, og dei finnes stort sett over alt her nede!


Dei to nederste bildene er tekne der me var ute å åt, ganske fint når ein er ute å et med små ungar at ein berre kan hive dei ut i bassenget når dei blir utålmodige! ^^ Lilja var jo med å såg på at me surfa i går, så dette ville ho og prøva seg på, eller, å stå på akebrett som ho seier!


Oooog, no er bildene frå gårsdagens surfeøkt på plass, så eg har, igjen, lånt litt bilder fra Studyaway si side:
 De må ikkje bli skremt av dei gedigne bølgene altså, det var ikkje så skummelt som det ser ut... :p Det var hvertfall skikkelig artig, men vanskelig...! Det einaste virkelige minuset er at vatnet er så SINNSJUKT salt!!! Det svei utruleg i augene, såg ingenting dei første gangene ein fekk ei bølge i ansiktet.. Svei i huden generelt etterpå, men det kan ha hatt litt med å gjere at me vart utruleg solbrente av å ligge i vatnen oppå eit brett å plaske i timesvis... :p

Medan me streva med å finna fram til den tydelegvis mindre tilstedeværande balanseevna vår i bølger og sjølve definasjonen på salt vatn, kosa Lilja seg ilag med barnevakten Anja, og den nye vennen sin Maria:
Maria til venstre, og Anja som passar Lilja kvar dag medan me er på skulen, til høgre. Kjempesøte og snille jenter begge to! ;)


                                    Det var alt, og heilt sikkert nok, for denna gong! ;)

lørdag 25. februar 2012

Tiden flyr!

No har det plutselig gått 3 dagar sidan forrige oppdatering, er så mykje som skjer heile tida, at dagane berre flyr avgårde!!

Men kort fortalt, så ha me brukt dagane på å gått litt rundt i Cabarete så Mats og Lilja skal få bli kjent med plassen, skule, og basseng/standliv.

Skulen er hard, men hvis ein får nok søvn og gjer ein innsats, så går det akkurat...! Vanskeleg å holde koken ein heil dag i denne varmen, idag har me hatt 30 grader i skyggen her, og vore ute stort sett heile dagen. Det merkast godt! Ikkje berre fordi me er vorten godt solbrente heile gjengen, men me er rett og slett ikkje vant til ein sånn temperatur og luftfuktighet..

I går testa eg ut "sugaring" for å gjera meg klar for stranda, altså voksing med sukker. Ganske spesielt, ein klump med halvsmelta sukker som dei drar utover huden, for så å riva den av igjen, krølla den tilbake til ein klump, og bruka om att! :p
Ellers skulle eg prøva meg på salsa-kurs, men det gikk vel relativt dårlig, så det har eg slått fra meg. Rytmehandicappa nordmenn egna seg best til å trampa takten med foten i sittandes positur!!

I dag fekk eg og Mats prøvd oss på surfing, og DET derimot, var kjempeartig!! =D
Begge kom seg opp på bretta nokre gonger, og trur me kjem til å prøve meir begge to, bilde kjem!! ;)
Det er forresten ein stor vannsport-festival/konkurranse her no, så det er stappfullt med folk som konkurrerar i all slags vannsport her no, men me orka ikkje sitte å sjå på, ikkje lika spennande som å drive på sjøl.. Kjem ikkje på så mykje meir å skrive, så avsluttar med nokre bilder frå dei siste dagane! :)

Eg holdt løftet mitt til rastaflette-dama på stranda, så Lilja har no fått seg ny sveis med perler og det heile, SÅ stolt! ^^





I tillegg trur eg nesten heilt sikkert eg har funne verdens største calzone her nede..!! Større enn håve til Mats liksom! =D
The mother of all calzones!!! ^^ Hadde den berre smakt lika godt som den var diger, men dessverre.. :p






Kiting er ei STOR greie her nede, det er kiter i lufta overalt, og mange av dei lokale her er sinnsjukt flinke! Eg sat berre å gapa på stranda idag, heilt vilt, må ta med den ordentlige kameraet ned ein dag å få tatt litt bilder når dei blir løfta opp i lufta og gjer triks! 



Lilja ELSKA å vera på stranda ! 


I tillegg trur eg at eg ha funne verdens beste is-kiosk her nede, første gang på fleire år det har smakt så herlig med is hvertfall! Og Lilja var meget enig! ;)

No søve Lilja som ein stein etter ein lang dag, og eg og Mats skal tilbringa kvelden med hyppige dosar after-sun og tv-program på spansk me ikkje forstår (enda!!) ;)

Ciao!

onsdag 22. februar 2012

Now it feels like home

Endeleg, etter atter ein dårleg dag på Tirsdag med både legebesøk og heile pakka, kunne eg i går kveld reisa på flyplassen å henta Mats og Lilja mi!! =D
Det var berre ein heilt FANTASTISK følelse å endelig kunne holda rundt vetle jenta mi igjen, fytti katta kor mykje eg har savna ho!! <3 Og Mats da sjølvsagt! ;) Men når Lilja strekte hender mot meg og ropte "Mamman miiin!!" til meg på flyplassen, da var det umogleg å ikkje få tårer i augene...!

Turen deira hadde gått veldig fint, og Lilja hadde fått sove ein del på flyet, så ho var mildt sagt VILL når ho kom fram, og ville rett på stranda! :p
Sidan klokka var nesten 22.00 så måtte me diverre skuffa ho der, men ho fekk hvertfall møte Anja, barnevakten sin, og dei fann tonen med ein gong! Dei sprang rundt ein time i leilegheita her og leika seg, så me skjønte heldigivs kjapt at det var ein god match! ;)

Klarte ikkje få Lilja til å landa att før klokka var nærare 01.00, og klokka 03.00, ja, da hadde ho bestemt seg for at det var morgon, og at ho skulle ut og bade... Så vart relativt lite søvn i natt kan ein sei, men til tross for det gjkk skuledagen og dagen ellers veldig greit. Mats henta seg raskt inn på spansk-kurset, og Lilja fann mykje spennande å gjera på ilag med Anja her i Cabarete! :)
                                    Her kosar ho seg med puslespel på Hummingbird! :)

Etter skulen reiste me ut å kjøpte oss god mat på ein resturant som heiter "Friends" å kjøpte oss mat, som var veldig god, og det første måltidet eg har klart å fullføre her nede. Spørs om ikkje det hjalp på formen å få resten av familien ned hit! ;) Etter det var det flip-flop (jesus-sandaler) handel til heile familien, og ein tur på Belgisk bakeri for å kjøpe brød (dei har jo NULL grovbrød på butikkane her nede) , og litt dessert..! ;) Og når me kom heim å fikk dusja slokna heile gjengen gitt, så no har eg og Mats stått opp for å lese til prøve, så vil tida vise om Lilja søv rundt eller ei...
Kosa seg med "Mummitrollet" på dvd og kjeks i senga, tydelegvis litt for kos, for 10 minutt seinare sov ho som ein stein! ^^


Ellers heilt til slutt, har eg funne nokre bilder fra velkomstfesten hos Papon på Lørdag, som eg har lånt fra facebooksida til Studyaway.
God stemning!! :) Mannen til høgre på det øverste bildet er Papon, verdens blidaste mann, smiler alltid! :) Ungane her var utruleg kontaktsøkande, og dei styrte godt på med oss og ville leike og danse. Malin, på det underste bildet, fekk til og med middagsinvitasjon fra søstra til Papon, så her manglar det ikkje på gjestfriheit sjølv om dei kanskje har mykje mindre enn oss.

Ingen fest utan musikk, og me fekk live-musikk fra eit lokalt band som spelte bachata og merengue, som er dei to mest vanlege musikktypane her i tillegg til reggeaton. Eg fekk øvd inn litt bachata-mooves med mannen som spelte trommer, kjempeartig! :)

Mykje leik og moro! Dei hadde pynta med ballongar og papirband, og etter kvart vart mange av oss dekorerte med band av ungane. Digitalkamera vart noko dei syntes var kjempestas, så dei fekk låne seg kamera av oss og sprang rundt og fotograferte oss og familiane sine, var mange som hadde ein del artige bilder på kameraene sine å sjå tilbake på dagen etter for å sei det sånn! ^^

Ellers, så var maten KNALLGOD, typisk Dominikansk mat som bestod av grilla kylling og svin, friterte grønne bananer, fritert søtpotet, yucca (ei type rot) som var steikt ilag med løk, ris med grønnsaker, og rett og slett utruleg mykje godt for ein kver smak! Min favoritt må vere frityrsteikte bananskiver og yoca som me dippa i ketchup, namm!! :)

Det var i det heile ein veldig spesiell kveld, noko ein kunne ana allereie når me kom inn i bydelen. Me var jo meir som ein parade av pynta, kvite folk, så folk kom ut fra butikkane og husa sine for å sjå på oss når me gjekk forbi. Føltes som om me var ein del av ein parade, og det var ganske tydleg at dei dei syntes det var veldig spennande med alle desse ukjende folka som kom gåande der i flokk. Gjestfriheita og humøret til lokalbefolkningen var noko heilt anna enn eg er vand med fra heime, og uansett kor dårleg det ved første augekast kunne sjå ut som folk hadde det der, så var alle smilande og blide, og me var alle enige om at det hadde sin heilt eigen spesielle sjarm, sjølv om standarden ikkje kan samanliknast med den me er vande med fra Noreg.

Føler meg veldig heldig som har fått opplevd så mykje, og enda har eg berre vore her litt over ei veke...! Gledar meg veldig til fortsettelsen! ;)

-Lene-

mandag 20. februar 2012

Da var me igang!

Jepp, da var introduksjonsveka over, og første skuledag kom som julaften på kjerringa!
Eg har fortsatt vore litt halvskral idag, så vart litt for lite søvn i natt, og dermed ein ganske slapp første dag. Og lat meg berre understreka det med ein gang: slapp og sakte er IKKJE ord som matchar tempoet på undervisninga her!!.. Me skal tross alt gjennom godt over 3 år spansk på 3 mnd, og det merkast godt. Men, lærarane er utruleg kjekke og blide, og ikkje minst flinke. Me har 2 forskjellige lærarar i spansk, pluss at kordinatoren vår gjennom Studyaway som tilrettelegger det meste for oss ( Anne Grethe), skal ha oss i konversasjonsgrupper 1 gong i veka. Trur at når formen får stabilisert seg, og eg får Mats og Lilja hit så eg får sove litt bedre om nettene, så kjem det til å gå fint! :)
Utruleg kor mykje ein snappar opp berre gjennom dagleglivet her, er så smått stolt av meg sjøl som bestiller og spør etter rekninga på spansk, og ber sjåførane kjøre litt sakte, hehe... ^^

Ellers, så vart det enkelt og greit ein siesta (kvil), som seg hør og bør her nede. Og etter det drog eg med meg June (fra klassen) på Millenium Hotel og på SPA`et som er der. Ho fikk røska ut alle hår på heile kroppen, eg fikk pedikyr og manikyr, fin fordeling! :p

Fransk manikyr (på hendene) og pedikyr ( på føttene) gjorde seg jammen på mine mindre velstelte hender og føtter etter all reisinga! :p Ser hvertfall veldig flott ut, og alltid litt godt å få føle seg litt bortskjemt og dulla med... ^^

I morgon ventar ein ny skuledag, og første dag med "community work", altså arbeid me gjer frivilleg for samfunnet/folka her nede. Eg gledar meg til å prøve lære vekk engelsk til ungane her, eg elskar jo å skrive/prate engelsk, og ungane her er berre utruleg skjønne og hengivne, så det blir kjekt! :)
I tillegg får eg jo ned LILJA MI hit imåro!!! <3
Gledar meg sinnsjukt til å sjå ho og Mats igjen, og å visa dei rundt her nede! :)

Bilder fra velkomstfesten hos Papon på Lørdag er nesten klare, men eg må gjere lekser no, så det får eg ta i morgon..! ;)

Hasta luego mi amigos! ;)

-Lene-

søndag 19. februar 2012

Jaja...

Så vart det sjølvsagt ingen tur på meg til de 27 vannfallene i Damajagua, MEN, eg har vedteke at i påsken skal eg og Mats reise dit ilag med ei fra klassen og 2 venninner som kjem på besøk til ho! ;) Det var visst ein kjempeartig tur, så eg vart bittelitt misunnelig når eg såg bildene som Studyaway la ut på sida si fra turen idag, meeeeeen, den som ventar på noko godt! ;)

Men seinare på dagen når dei andre var komme att, var eg i såpass form at me drista oss til ein liten shoppingrunde og ein tur på stranda. Kjøpte vel egentlig ingenting til meg sjøl, kun ein liten presang til Lilja og Mats ( ja, no kan dikka lura no, Mats og Lilja!! ), og ei "Presidente" på stranda, hehe... For dei som ikkje veit, så er Presidente det mest kjente ølet her nede, det er like logisk som at alle heime veit kva Ringnes er.

Lyst og altfor lettdrikkelig, og når folk kjem springande til deg når du er på stranda i solsteiken og spør om du vil kjøpe ei iskald øl for 15kr, njaaaaa, ok da! ^^
Det er som i syden-land flest folk her som vil selge deg alle mulige slags tjenester og ting. Første dagen eg var her vart eg tvangs-rastafletta på stranda, men eg klarte heldigvis å slita meg laus etter berre 2 fletter, trur ikkje eg hadde sett særlig bra ut hvis eg hadde blitt sittande ein halvtime til...

Det hadde hvertfall blitt tungt, for perler skulle det vera, og dei skal festes med ein god neve aluminiumsfolie som dei pakkar og klemmer og vrir rundt håret ditt! Einaste måten eg klarte bli kvitt dei på igår var når eg lova at dei skulle få flette håret til Lilja når ho kom, hehe, da vart ho dama superhappy og gliste rundt, og smilte berre fornøygd til meg resten av dagen! ^^

Etter eit par timar på stranda tok me moto-taxi heim for å gjer hos klare til Karibisk-bygdefest, eller velkomstfest, hos Papon som jobbar på Hummingbird.

Trafikken her er heilt VILL, og det står 5-10 moto-taxiar klare, eller enkelt og greit mopedar, over alt! Det kostar på dagtid ca. 25 pesos fra meg og til sentrum eller bort til Hummingbird, noko som er ca. 4 norske kroner. Om kvelden kostar det som regel det dobbelte. Sjølv om trafikken her virkar heilt uforståelig for oss turistar her, så er det tydelig at dei har utvikla eit slags system med tuting og veiving og fletting her, så sålenge du ber dei kjøre sakte, så er det ikkje så skummelt som eg først trudde. Her er det plass til hvertfall 3 og kanskje 4 på EIN moped, og dei har til og med påmontert eit par ekstra fotstøtter til passasjerane! :p Hvis du ser nøye på bildet over sit det ein liten unge mellom dei to voksne på den første mopeden (noko som er langtfra uvanleg, her tek dei gjerne ein baby under armen bakpå mopedane) , og nei, ho snakkar ikkje i telefon, det er faktisk ei banan! =D

Tilbake til gårsdagens velkomstfest. For ei oppleving! For det første var det mitt første møtet med Callejon, som er bustadsområdet i Cabarete. Veldig fattig, og så langt fra sånn det er heime at det var heilt surrealistisk... Eg hadde ikkje med kamera, men googla eit bilde til dykk :

Jepp, sånn bur folk... Dei fleste hus har betonggolv, men nokre har berre jordgolv. Glasruter er veldig dyrt, så dei har dei ikkje... Det huset me var inne i under festen, altså, der me gjekk inn hvis me måtte på do, det trur eg var relativt bra til å vere her, der var det straum og betonggolv, og delvis vegger. Nokre rom var avskilt berre med eit forheng, mens dei veggane som var der var meir sånn som mellom båsane på eit offentleg toalett, dei begynnar eit stykke over golvet og sluttar ved hovudhøgde.

Toaletta her nede går ikkje an å kaste dopapir i, så det kastar du i ei bøtte/bosspann som står ved sidan av doen. Dette gjeld også i den finare delen av byen, på resturantar o.l. Trur det er sånn i heile landet med enkelte unntak. Leilegheita vår er såpass ny og fancy, for den er jo meint for at turistar med mykje pengar skal kjøpe, så me kan faktisk kaste papiret i do, og me har dusj med varmt vatn og skikkelig trykk! Og det er langt ifrå sjølvsagt her...
                                                             Dette er då ein dusj....

Med dette trur eg at eg stoppar for i dag, så kan eg fortelle om sjølve festen og prøve få tak i litt bilder frå den til i morgon! Den var hvertfall veldig kjekk, såpass kan eg sei!! :)

Dagen idag er det ikkje stort å sei om, da den har vore tilbragt stort sett inne aleine i leilegheita utan noko særleg intressant aktivitet. Mesteparten av dei andre er på karneval i La Vega, men eg orka rett og slett ikkje all busskjøringen og det maset idag, trur det er ganske intenst der. Kom nokon snille sjeler forbi meg istad og lurte på om eg ville være med ut å ete (dei få som ikkje reiste på karneval) , men då me kom til resturanten måtte eg rett og slett berre snu og ta moto heim, vart skikkeleg kvalm og uvel av varmen...

Så, satsar på dagen i morgon blir bedre, da står første økt med Spansk på timeplanen, og etter det skal eg på dykking i HAVET! =D

Oppdaterar dykk att i morgon, buenas noches til alle saman her fra Cabarete! ;)

-Lene-