lørdag 3. mars 2012

Hola amigos!

Jammen flyr tiden avgårde her nede!! Da var det jammen helg igjen, skulefri og berre kos! :)

Torsdag prøvde me oss på å reisa på grill-buffet på kvelden på ein resturant rett bortanfor leiligheten, men etter 50 minutt måtte Mats og Lilja gi tapt for svolten å avbestilla.. Mañana mañana, det er mantraen her nede!!! Alt tar 100 år, og med ein overtrøtt og svolten 2-åring er ikkje alltid den lokale tradisjonen med seine middagar så lett å overhalde... Eg beit tenna saman og holdt ut til jentene i klassen kom bort, og fekk omsider mat, som faktisk og HELDIGVIS var veldig god! Alt fra lokale spesialitetar som steikt banan til ost- og skinkepai og pastasalat med tunfisk, mette vart me iallefall!!
                               Ønske meg ei slek lampa som dei hadde der hvertfall!! ^^

                             Alltid meget stabilt å slå følge med desse jentene heim! :p

Ellers, så hadde Mats sin første kite-time igår!! =D
I går var det kun 2 timar tørrtrening på land, medan idag var han 2 timar i vatnet UTEN brett på føtene, for å få følelsen av korleis det var å vere i (det utruleg salte) vatnet med kiten, og få øvd seg litt før den store morgondagen da han skal få prøve å spenne på seg brette for fyste gong! Kan rapportere at han gledar seg veldig, men er samtidig veldig nervøs, for vinden her er ganske intens for tiden, til og med relativt drevne kiterar tryna og strevde idag, dei flaug meir enn dei stod på vatnet for å sei det sånn! :p (noko eg personleg synes høyres berre positivt ut!!)
Ein liten påminnelse til Mats for morgondagen, MEIR SOLKREM KJÆRE!!!

Idag har det vel eigentleg ikkje skjedd noko anna som er verdt å bruke særleg tid på å skrive om.. Har vore i bassenget, noko som er ganske avslappandes og fint, og på stranda : stiv kuling og 40 strandselgjarar som vil flette håret ditt medan dei masserar deg og matar deg med kokosnøtter, heller slitsomt i lengden...

Også lagde me forresten til mamajuana her om dagen! Og neeeeei, ikkje marihuana.... Mamajuana er ein dominikansk vidundermedisin, som har vore brukt sidan Taino-indianarane si tid, og skal gjere underverk for alt fra nyrer,lever,influensa og fordøyelsessystem til potens! ;) Den består av bark og diverse urter, som ein tilset honning, rom og raudvin, og let trekkje.
Du får kjøpt det ferdigbrygga overalt her, både på souvenirsjapper og på pubar, men me ville altså kjøpe ingridiensane og blande til sjølve. Og, sjølvsagt, idag, dagen før den skulle vere klar, så klarte Mats å velte og knuse heile flaska utover heile golvet! :p Så, me skylte og silte alle urtene, og har lagt dei i kjøleskapet og prøver på nytt att i morgon, ingen krise når det kostar 60 kroner for nærare 2 liter rom, men likevel, litt kjedeleg var det jo...

I morgon er det som sagt kiting på Mats, og eg skal avgårde med ein liten gjeng fra klassen å surfe på morgonen! ^^ Så no er det berre å leggje seg å samle krefter, også avsluttar eg igjen med eit par bilder frå siste veka! ;)

Dama med den beste frukten i verden!! Du har ikkje ete ananas før du har smakt ananas her nede!! 


Ei øl som har tatt folk flest som "berre nett skal ha eit par øl" på kornet! :p

Kompisane våre slappa av på verandaen, mr. Gekko er fast inventar kvar kveld, veldig koseleg! ^^

-Lene-

4 kommentarer:

  1. d ser ut so di ha d veldi koseleg :) ein opplevelse di alder vil gløyma trur eg :) kjekt å lesa bloggen :) kos dikka vidre på tur

    SvarSlett
  2. Åååhh..Kjenne eg bli heilt reisesjuk av å lesa detta eg..hehe! Virka som dikka ha d heilt prima! :D kos dikka!!! :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Ser ut som de storkosar dykk, og opplever mykje spennande..Og mange fine bilde å sjå på for oss i kulden.:))

      Slett
    2. So bra at dikka tykkje det e grei lesning!! :) De får sei ifra hvis det er noko eg skal skriva meir eller mindre om...! :p

      Slett