lørdag 10. mars 2012

Okseauge!

Hei der!
Da var det omsider min(Mats) tur til å bidra til bloggen.
Torsdag er fast prøvedag her nede, og ein naturlig dag å grue seg til. Gloser og verb som skal bøygast i ulike retningar, før det vanlegvis dukkar opp ei gruppearbeidsoppgåve til slutt..Så, torsdagar kan vere tunge...Men denne torsdagen tok ei uventa vending etter gloseprøven var levert.

Oppgåva var bl.a. fritt sitert; "gå ut å få tak i eit dyreorgan"
Det er ei skuleoppgåve eg aldri hadde forventa å få. Men morro var det! Traska rundt blandt dei forskjellige "kylling-grillane" i byen og tenkte dette skulle gå lett, men den gang ei. Det viste seg at, sjølv om dei sto og parterte dyr der, med machete, blodige forklede, tusen fluger og nokon svoltne hundar rundt seg, så var det ikkje noko organ å oppdrive. (kanskje hadde allereie hundane fått sitt?)

Me hadde delt oss opp i grupper, som igjen delte seg i par for å utføre litt andre oppgåver me hadde samstundes. Eg og min makker gikk inn i Callejon, og kom kjapt over ein "slakte-bod" i gata. Der hang lunger, lår og mykje anna snadder..på ein murkant atmed boden låg eit stort svart oksehovud, med halsholet gapande i mot oss. Etter ein heil del attogfram, fra dei gedigne lungene til 600pesos, peika me på hovudet som låg der, og spure om ikkje me kunne få skjære av ein del fra det..Null stress! Kva ville me ha? Me drog litt på det, tenkte litt på eit øyre, eller kanskje tunga, men så slo det oss at: Auge?! DET måtte vere heilt perfekt, ikkje for stort å ta med seg, og ikkje for dyrt. 100pesos etter, sto slaktarsonen med ein tynn kvass kniv å prøva å få ut auge. Etter kort tid måtte hovudslaktaren til sjølv, er sikkert ikkje berre berre å få kappa synsnerva på baksida. Det såg ganske brutalt ut, og det samla seg fort nokre ekstra skodelystne dominikanarar rundt for å sjå kva som føregjekk! Gleda var stor i forsamlinga, inkludert hjå oss som hadde satt i gang "galskapen".

Eg hadde dessverre ikkje kamera med, men de kan prøve sjå føre dykk eit skur, av litt plank og litt sponplater av varierande farge og kvalitet. I frå bølgeblekkstaket, hang det ned kjøtstykke av varierande størrelse og form. Eg vågar å tru at nesten heile oksen hang der, rundt der låg fire-fem hundar, óg av varierande størrelse, form og farge. Plasser bilete du har danna, på fortauet i ein ganske traffikert veg, i sola, i underkant av 30 varmegrader.

Det synte seg under presentasjonen vår, at eit auge ikkje kvalifiserte som dyreorgan. Sjølv om me hardnakka påsto at eit synsorgan er like fullt eit organ som alle andre organ...! 

Forutan denne oppfriskande vrien på ein skuledag, så gikk resten av torsdag med på å pleie magen til Lene, som forøvrig gikk glipp av denne flotte skuledagen, takka vere eit mindre heldig restaurantbesøk dagen før.

Fredag var Lene på ridetur til og på ei strand, der dei såg på fullmånen, brann bål og åt god mat. Høyrdes flott ut. Sjølv nytta eg tiden til kvile i aircondition-temperert soverom..Noko som er nødvendig for ein norsk-klimatisert skrott avogtil!

                                                               Lilja er klar for stranda.
        
Dagen i dag har me kosa oss max. Me har vore i og ved bassenget i hagen, kjøpt oss lunch ute som me tok med heim og åt på verandaen i fred og ro. Lunsjen betalte med 150pesos(ca25nok) for, og det var nok til alle tre.

Mykje mat: Ris, pastasalat, kylling, bønnesaus og ein ukjend bananbasert rett som me lyt finna ut meir om.

Etter den var inntatt og eit forsøk på siesta avblåst, pakka me med oss litt peng, solkrem og vatn og reiste på stranda. Der møtte me nokon frå klassen, som hadde fått hånd om ei "himmelseng" ved ein restaurant, og slo oss ned med dei.

Her hadde me kjøpt oss dessert, trippel creme brulee.



Lilja hadde mykje godt arbeid med organisering av flip-flops og sand. Etter kvart vart me overtalte til å kjøpe smykke og fotlenke til ho.




Da var det ei som vart ekte stolt der ho sto og synte fram foten med fotlenke på!
Klokka gjekk fort og med fann ut at det var på tide å komme oss heimover, til kveldsmat og lettfordøyelig ENGELSK-språklig tv-serie på mac´en til lene. Godt med avbrekk fra både sol og spansk.

                                       Utsikt fra himmelsenga: Ei dame med banane.


I morgon ventar nok ein dag, med både sol og spansk, og Lene kjem tilbake med meir om rideturen på stranda!



-Mats

3 kommentarer:

  1. høyres ut so di storkosa dikka. må vera ein fet opplevelse dn turen dr. syns d va domt dai påstod at auga ik va eit organ

    SvarSlett
  2. Masse moro her Mats:)) Nok ein gong- Lilja er berre den fødte modell!!:) Var nok litt av eit syn i gata, der dei "slost" med auge for å få det ut he he;) Kjedligt det ikkje vart godkjent som organ da:( Stakkars Lene- må ikkje prøve fleire rare sjapper no....Kos dokke videre og suss og klem til Lilja fra mommo!!<3

    SvarSlett
    Svar
    1. Læraren hadde visst påstått at dyr hadde kun 3 organ, så trur ikkje Mats skal ta seg så nær av akkurat det der nei.. :p
      Hehe, eg gjekk nok glipp av litt av eit syn ja, typisk å bli sjuk når det blir ein slek skuledag!
      Og faktisk, dei mest "shabby" sjappene e dei med best mat og som ingen hittil har blitt dårlige av :p

      Slett