lørdag 24. mars 2012

Beklagar!!

Etter å ha motteke skrifteleg klage på at eg ikkje hadde oppdatert bloggen på altfor lenge, så bestemte eg meg at eg måtte sette meg ned i dag, eller natt rettare sagt, og gje ei lita oppdatering!.. ;)

Det finst fleire grunnar til at det har vorte dårleg med blogging denne veka.
Ein del av dei grunnane er:
1. Regn
2. Oppkast
3. Matforgiftning

Ingen av temaene var noko eg ansåg som særleg god lesning, og det har vel heller ikkje blitt gjort dei heilt store sprella heller som følge av desse 3... :p

Men, me har jo sjølvsagt tilbragt eit par timar om dagen med denne alltid like livlege gjengen:

Også i klasserommet gjorde regnet stadig sitt inntog, og etter kvart gjekk me tom for tørre plassar å sitte og å legge fra oss bøker på. Men, da var det berre å klynge seg saman i det eine hjørnet i lokalet der regnet ikkje var kome til, one big happy family! ;) At klasserommet er oversvømt med regn og at det regnar på bøkene dine er ikkje gyldig grunnlag for å sleppe skule her nede for å sei det sånn!

      Lilja har og funne seg ein relativt lur stad å gøyme seg frå regnet, og oss andre:


I går bestemte me (Lilja) oss for å trossa regnet og reisa på stranda, for det SKULLE gravast i sanden! Og når sjefen har sagt det så blir det så... For å sei det slik, 1 veka innendørs i regn på 50 kvadratmeter med ein liten men trassen 2-åring, det var ikkje vits å protestera på den beslutningen! :p


Medan me var der nede så skjedde det brått noko rart. Eg var heilt sikker på eg hadde fått eit illebefinnande! Den eine foten plasserte seg framfor den andre, og så den andre framfor den att, i stadig raskara tempo. Eg skjønte ingenting, strandstolar og folk forsvant bak meg i stadig raskare tempo, vinden ruska meg i håret, kva i alle dagar?! Eg trur eg, ja eg,  jogga?!!
Heilt ubegripeleg kva eit par dagars keisamheit og litt frisk havluft kan gjere med eit menneske, men der sprang eg altså bortover stranda, frivillig!! :p
Sjølv om eg trur eg holdt på å dø da eg kom tilbake til Mats og Lilja, og eg ikkje er i stand til å sette meg ned på huk idag fordi det kjennest ut som låra skal revne, så var det igrunn ganske deilig og..! Eg vurderar å gjere det oppatt ein dag, men ikkje idag...! ^^

Idag har eg vore på besøk i ein liten landsby ein halvtimes køyring unna som heiter Montellano,  saman med legen her i Cabarete og dattra hennar, og 3 jenter frå klassen. Legen, Mirian, reiser opp dit 1 gang i månanden for å gje gratis legehjelp til dei som bur der oppe, då dei ikkje har pengar, og mange av dei som er flyktingar fra Haiti, har heller ikkje papirer, noko som gjer at dei mistar det vesle ein har av rettigheiter i dette landet.
Desse turane finansierar Mirian ut av si eiga lomme, og i fjor bestemte ei gruppe studentar ved Studyaway at dei ville vere med å hjelpe ho med dette fantastiske arbeidet ho gjer, og no er me med å viderefører den visjonen! :) Mirian tjener kun 12 000 pesos i mnd av staten her som lege, noko som tilsvarer 2000 norske kroner, så ho er langt fra overbetalt sett ifra vår ståstad, men ho bidreg med det ho har likevel! No har dei heldigvis fått inn litt privatsponsorar som legger i litt pengar her og der så ho slepp betale alle medisinene sjølve, og eg kjem heilt sikkert til å støtte dette prosjektet i framtida også. Søker dykk på Montellano på facebook finn dykk meir info, eg kjem tilbake med bilder og litt meir om turen i morgo når eg har alle bildene på plass :)

                             Resten av dagen idag har gått med på å møte nye venner:


                                                            Og grave dei ned!

Avslutta dagen med middag på favoritt-kyllingsjappa vår, der Lilja har favorittguten sin ^^

Har og gravd fram litt fleire bilder fra litt diverse ting me har gjort sidan me kom, men no har innlegget mitt blitt sletta 3 gonger sidan eg begynte, så no er eg lei ustabilt nettverk og satsar på ei god natts søvn istaden for! Kan lage eit "Best of" innlegg ein anna dag, hehe... Skal prøve komme tilbake til dykk i morgon med bilder fra Montellano, OG, i morgon skal me til "Monkey Jungle" å helsa på alle apekattane!! Spennande spennande, følg med! ;)

-Lene-

1 kommentar:

  1. Uff da:( Trasigt med den sjuka..... Håpar alle er friske og raske att! Fantastisk av ho legedama da!!! Flotte bilder, som vanleg:)) Ta vare på kvarandre og kos dokke videre:) Hilse masse! Glad i dokke<3 mams.

    SvarSlett