lørdag 17. mars 2012

Happy St. Patricks Day!!

Jepp, her i Cabarete har me feira St. Patricks Day idag, som er Irlands nasjonaldag, der dei feirar den kjente helgenen Saint Patrick. Over alt i verda der den finst Irar blir den feira, ofte på Irske pubar og liknande, og dei har paradar og drikker øl og går i grøne klede og hattar!
                                            Ingen Irsk feiring utan sekkepipe!! :)



Me måtte jo sjølvsagt bort på den irske resturanten/puben "Jose O`Shays" for å få med oss paraden, musikken, livet, og ikkje minst smake på irsk-pubmat! ;) I tillegg fekk me som dikka ser flotte smykker utdelt alle mann med firkløver på, og Lilja fekk seg tatovering! ;) Til mat vart det Irish Stew, Pommes Frites og Shepards Pie! Irish Stew var utan tvil best, men var veldig kjekt å sitte der å ete og sjå på alle folka og høyre på live-musikken og all liv og røre!

                                           Litt dansing måtte jo sjølvsagt og til!
                                   Og for å toppa det heile, ein neve nye venner! :)

                                                                Søtingar!! ^^


Tidlegare på dagen idag var me forresten på Cabarete Coffeecompany, som dyrkar og produserar og selger økologisk kaffi og kakao, og jobbar med å få unge lokale ut i arbeidslivet, og donerer pengar til å få jenter i arbeid, OG all maten som er til overs kvar dag går til familiar her i Cabarete som treng det!! Når du i tillegg plussar på verdas BESTE smørbrød, utruleg digg ferskpressa juice, god kaffi og hyggjelege prisar, da har du ein vinnar!! ;) Me skulle kjøpe brownies til dessert (som var FANTASTISK god!!) , men den fekk me gratis, så, dit skal me definitivt tilbake! Vurderar ta ein sånn tur der me får høste inn, brenne, kverne og lage vår eigen kakao og kaffi og, litt kult å ta med heim tenker eg!! :)
    Lilja var fornøygd med brownien sin, og 10 ekstrapoeng fra meg og Mats går til :
                               Toalettet!! Nett som å sitte å Guds frie natur, herlich! ^^ 


Gårsdagen, den hoppar eg over av mangel på interessant info...
Torsdag, da var eg og 4 andre invitert på middag inne i Callejon hos søstera til ein som ei i klassen har blitt kjent med her nede! DET var kjekt det! Eg trur dei hadde laga til alt berre for vår del, og det var skikkeleg koseleg med musikk og dansing (bachata, merengue og salsa, ikkje noko nymotens tull! :p), og domino-speling! Domino er meir som nasjonalsporten her nede, så det var eigentleg på tide at eg lærte meg...!! ;)
Til middag fekk me Sancocho, som er Dominikansk festmat, og eg vil beskrive som ein slags variant av lapskaus eller betasuppe. Det bestod av kyllingkraft, platanos (eit slags grøne bananer) , yoca-rot, løk, kylling, potet, og sikkert eit par ting til eg har gløymt. Alt i store bitar, veldig veldig smakfullt og godt!! :) Attmed brukte dei ein slags kald saus som heiter Wasakaka, som etter som eg forstod er : olje, sitronsaft, kvitløk, persille, og muligens litt fleire urter. Det er meir som ein tynn dressing, og var kjempegodt oppi sancochoen!! Til drikke var det ikkje snakk om å få noko anna enn Brugal, dominikansk rom... :p

Skal få bilder fra dei andre som var med å legge ut i morgon, var i allefall ein kjempekveld, og eg føler meg så utruleg heldig som får oppleva landet på denna måten og at folk innviterar seg inn i heimane sine og tek så godt imot oss som dei gjere...! Heilt fantastisk!


Onsdag hadde eg og Mats grillkveld med mesteparten av dei andre i klassen ute på fellesområdet her, medan snille Anja, barnevakten vår, og eit par jenter til såg film i leilegheta vår og høyrde etter Lilja. Veldig kjekk kveld, og herlig mat, ikkje minst tusen takk til dei snille jentene me har rundt oss som vil hjelpe til innimellom, dikka er herlige!! ;)

Tirsdag var eg på frivillig arbeid igjen for å lære borna engelsk, og gruppa vår fekk høyre av koordinatoren (Birgit, som eiger og driver Hummingbird) at me var den beste gruppa som nokon gang hadde vore, ungane lærte så mykje, og me var så godt organiserte! ^^ Eg vil rette størstedelen av æren for det til Sofie Louise (som går idrett), for ho snakkar spansk så godt som flytande, og har vore utruleg flink til å få dette til å bli bra!! ;)
Rosa som eg nevnte sist, som eg skulle besøke denne veka, var ikkje der denne gongen.. Ho hadde vore innlagt på sjukehuset i forbindelse med graviditeten, og måtte halde seg i ro, men alt gjekk heldigvis bra med ho og ungen fekk eg vite...!! Sånn i forbifarten, så kunne Birgit fortelje oss at 30% av borna som blir fødde her på den Dominikanske Republikk blir født av jenter mellom 11 (!!!!!) og 15 år....
Heilt ufattelig!....

Med det rundar eg av, og ynskjer dykk alle ei fortsatt fin helg!

-Lene-

3 kommentarer:

  1. Er så fasinert av bildene eg!:) Blir kjempe å treffe dokke att!!!! Mutter;)

    SvarSlett
  2. E so misunnelig på dikka, alt dikka får oppleva!:) kos dikka masse vidre, venta spent på neste innlegg :)
    -Isabelle

    SvarSlett
  3. Hei, hei!!! Flott beskrivande 'reisebrev' nok ein gong!! So kjekt å få innblikk i korleis dei har det der, flott med slik gjestfriheit. Og artigt med so mange nye bekjendtskapar og fantastiske opplevingar for både store og små... :-) Nok eingong: flotte bilder...som beskriv dei flotte opplevingane dikkas til oss her heime, i kalde og våte Sogndal!!! Kos dikka vidare, og Hels M og L.!!!! -May Britt-

    SvarSlett