Hei igjen! :)
Da har eg endelig fått satt meg ned for å oppdatere bloggen att, er så utruleg mykje anna som skjer heile tida at det er ikkje alltid like enkelt å finne tida til det..
Hvertfall, dagen idag skal eg hoppe over, sidan det mest nevneverdige som har skjedd idag er at me åt på tidenes kanskje værste resturant, det begynte med at ananasen me fikk var skjært opp tydelegvis med samme kniven dei hadde brukt til LØK, og tok seg berre opp derifrå...
Søndag stod eg, tru det eller ei mamma og pappa, opp klokka SJU om morgonen for å reise å surfe, frivillig! Hvertfall nesten, hehe, under litt press frå jentene i klassen... ;) Eg trudde aldri eg skulle sei det, men herregud så deilig å komme seg opp å få vakne skikkelig å få ein skikkeleg kick-start på dagen! Vart ein kjempedag på alle måtar, så eg trur eg må prøve å få det til med jevne mellomrom, så kanskje eg faktisk blir god til å surfe og! :)
Tidleg morgon på Encuentro
Litt tørrtrening og repetisjon av korleis ein best reiser seg opp, står, justerar fart o.l. på brettet før ein hiver seg i havet!
Etter surfinga bestemte eg, Mats og Lilja oss for å reise ut å ete lunsj. Skjønte fint lite då me trakka roleg ned mot sentrum og vart møtt av dette:
Det var eigentleg ein smule kaotisk (tok seg opp etter denne videoen), og me skjønte ingenting, for det var ingen helligdag eller noko sånt, så me måtte spør mannen som eigde resturanten me åt på. Det viste seg at alt oppstyret var noko "pre-election" styr, altså noko før-valget opplegg (valg av president), som føregår 16 Mai ( juhuu, på bursdagen min!! :p) kvart fjerde år. Sleke opptog med dansing i gatene, høg musikk og reklame over høgtalarar på bilar som køyrer rundt med bilde av kandidatane, måtte me belage oss på å møte på når og kor me minst venta det dei neste 2mnd fekk me beskjed om! Veldig rart at det er sånn her, tenker på heime i Norge, der me veit leeeeeeenge i førevegen kven som blir den neste kongen, og det er absolutt ikkje sånne tilstelningar og tilstandar...
Resturanten me åt på var forresten eit totalt kultursjokk igjen! Der var det italienarar som styrte sjappa, og der var det ikkje snakk om å vente med noko som helst, der kom dei springande med gratis mimosa (vin blanda med appelsinjuice) , og før me visste ordet av det var bordet stappfullt med mat, og dei stod konstant attmed oss og lurte på om det var meir dei kunne gjere osv. Lilja fekk til og med gratis dessert etterpå, og me fekk ein gratis salat! Me vart igrunn ganske satt ut, men kom fram til at det var litt greit og, for ellers her nede kan du måtte vente ein halvtime før nokon i det heile teke kjem bort å tek imot bestillinga di....
Må berre slenga ut eit bilde av ein super og økonomisk løysing for dei der heime som evt. måtte mangle bakskjerm på mopeden sin:
Ein anna original løysing er å klippe til ein passande bit frå ei gammal pizza-øskje, økonomisk og miljøvenleg!! :p (dei resirkulerar ingenting her utanom glas, så godt å sjå at dei får brukt opp att ting til noko ^^ )
Mandag var dagen då Mats endeleg kom seg opp på brettet når han hadde kite-time, og fekk oppleva omlag 10 meters seiersrus bortover vatnet, før tyngdekraften tok over å sendte han i vatnet att! :p Han får utruleg mykje skryt av dei lokale gutane over kor fort han har teke det, så eg har på følelsen at ein får ein habil kite-surfar i hus etter kvart! ;)
Som om ikkje det var nok, så spurte 2 av jentene i klassen om LOV til å få sitte barnevakt for oss så eg og Mats fekk reise ut å ete middag ilag!! =D
Dei bur 5 jenter på eitt, ganske illeluktande rom, med uventa gjester som rotter, kakkerlakker og gekkoer som plutseleg ligg ved sidan av dei i senga, så eg kan jo nesten forstå at dei syntes det var greit å komme hit å få sitte på verandaen vår og slappe av eit par timar, hehe... ^^
Sidan det var første turen vår ute aleina, valgte me ein ganske fin resturant, og me vart skikkeleg paffe når me såg kor fint det var der, for med tanke på beliggenheten rundt så var det ganske uventa at det kunne vere så fint, og stille! Eg turte ikkje ta opp kameraet, men fant eit bilde på facebook-sida deiras. "Bliss", heiter den, og kan glatt anbefalast sjølv om den er dyr etter dominikansk standard! For etter norsk standard var det eit røvarkjøp, og maten var veldig kreativ og god, og servicen og atmosfæren var heilt fantastisk! Knipsa kjapt eit bilde av desserten, den BESTE sjokoladefondanten eg nokon gang har smakt, med heimelaga vaniljeis som låg i ei skål av noko karamelliserte appelsingreier, og ein kjeks og nokon dråpar syrleg saus ved sidan av, NAM!!
I går, altså Tirsdag, var det Mats sin tur til å få teste ut dykking i bassenget på Hummingbird med fullt utstyr, noko han sjølv beskriver som: "Skummelt, unaturleg men interessant"!! =D
Men, han bestemte seg likevel for å prøve seg på hav-dykk i tilleg, så da blir det sannsynlegvis hav-dykk neste veke på oss begge to, sidan det me i klassen egentleg skulle ha for fleire veker sidan vart utsatt (av oss elevane). Så da får han ta det ilag med resten av oss! :) Eg gruar meg igrunn litt sjølv, er ikkje heilt komfortabel med tanken på ope hav og alle dyra der nede men, me får sjå...!!
På ettermiddagen fekk eg ENDELEG blitt med på frivilleg arbeid, som eg skal vere med på kvar Tirsdag framover. Eg tok liksågodt med meg Lilja og Mats inn i Callejon (der dei lokale bur), så Mats fekk sjå korleis det var der, og få eit innblikk i kva frivilleg arbeid går ut på. Lilja er allerede godt kjent der og har mange venner, sidan barnevakten kjenner mange der, og dei har vore der fleire gonger på leiking med dei lokale ungane! ;) Dette var og den første turen min inn i Callejon i dagslys, og eg veit ikkje om eg heilt har ord for å beskrive følelsen eg fekk av å gå innover i gatene der... Me snakkar piggtråd i staden for gjerder rundt husa, glasruter er som eg har sagt ikkje-eksisterande, hundar og ungar spring rundt overalt, forfall... Eg trur nesten eg må ha eit eige innlegg om det ein dag, for eg kan ikkje begynne på det no, da blir eg aldri ferdig...!!
Så, når me kom fram til kyrkja der (som aldeles ikkje såg ut som ei kyrkje, og også den hadde piggtråd rundt..) , var det tid for engelsk-undervisning, som er det gruppa mi skal drive med! :) Det kom ungar fra alle kantar i alle slags aldrar, og det var utruleg kor interesserte dei var i å lære, og kor flinke dei eigentleg var! For ikkje å snakke om kor stolte dei vart når dei fekk til noko, han eine guten fekk eit klistremerke på skjorta si som belønning, og han gjekk rundt stolt som ein hane og viste det fram til alle sammen!! :)
Ungane vart bedt om å skrive ord dei kunne på engelsk :)
Avslutta med å synga og dansa "Oooh boogie boogie boogie", og det var stor suksess!! Lilja tok heilt av, storkosa seg med all oppmerksomheten ho fekk fra dei andre ungane! ^^ Dei ville heile tida bort å ta på håret hennar, stryke ho i ansiktet, holde hender, og til og med gi ho ting. Var ikkje så reint lite fornøygd da ho vart overrakt ein ballong, og eit slags armband, fra eit par av jentene der! ;)
Sjølv prata eg mykje med ho som var ansvarleg for å få ungane dit til undervisninga når me gjekk heimover. Ho heiter Rosa, er 18 år, og ventar sitt fyste barn neste mnd. Ho virka som ei kjempejente, og eg vart faktisk invitert heim til ho på besøk neste veke, noko eg takka ja til og gler eg meg masse til!! :)
Men, no skal eg gi fred og gå å legge meg!! ;)
-Lene-
Mykje spennande å lese Lene!!:))) Framleis sikker på at det er minne og lærdom for livet. For ALLE TRE!! Kjekt å sjå bildene, og at det går bra med Lilja og:)) Kos dokke<3
SvarSlettFra mamma. Anonym er meg;)
SvarSlettDet er det nok UTEN TVIL! :)
SlettAngrar ikkje eit sekund for å sei det slek... <3
Og, takktakk! :)