mandag 12. mars 2012

Da var det min tur igjen! :)

Da var det mandag igjen, og datoen på klokka viser 12.Mars, med andre ord er det akkurat ein mnd. sidan idag at eg kom hit! Heilt vilt kor fort tida går, og ikkje minst er det rart å tenke på at 1/3 av oppholdet vårt allereie er overstått...

Idag veit eg eigentleg ikkje kva me har gjort.. :p Største delen av dagen har gått med på trakking i sentrum med innkjøp av mat, lokalprodusert kaffi og kakao.
Bønnene til kaffien vart brent 2.Mars, så det er rimleg fersk kaffi vil eg påstå! ;) Me kjøpte og bourbon-vaniljestang i eit optimistisk forsøk på å skulle lage verdas beste kakao saman med kakao (ballane, faktisk..!) me hadde kjøpt, noko eg vil sei gjekk så som så... Mats og Lilja tykte det var godt da, men det KAN ha noko med den halvkiloen med sukker me trykte oppi å gjer!

Tidlegare på dagen skulle me forresten på ei lokal sjappe å kjøpe hamburger, som me hadde høyrt mange store ord om. Men når me gjekk å satte oss ned, kom kokken bort til oss og sa på delvis engelsk: "This is a resturant. We can`t allow small kids." Eit eller anna om kjøkenet som eg ikkje forstod, veit ikkje om han var redd me skulle hive ho inn på kjøkenet til han å la ho leike med gasskomfyren og lugga han i hestehalen eg eller kva det var men, me måtte da hvertfall gå....

Så, det vart lunsj på favoritten vår "Gordito`s" (som betyr vetletjukken, hehe, eg har alltid trudd det var navnet på eigaren...) istaden for : verdas beste, kjappaste og billegaste tex-mex mat! Trur eg lyte opna ein slek plass i Sogndal, skal lova at Pizzabakeren kunne lagt ned butikken og reist! ^^

Slenge med eit par bilde av kveldsbadarane, den minste av dei MÅTTE uti å prøva flytevesten sin, sjøl om klokka var nesten sju og sola var gått ned...




I går var vel eigentleg berre ein skikkeleg innedag... Eg vakna til at kokken stod å laga pannekaker:
Fantastisk gode!! Fra no av er det KUN Lilja som får lage pannekaker her i huset! ^^
Resten av dagen var me berre inne, eller i bassenget, foruten om ein liten rusletur bort på Hummingbird for å hente kameraet mitt med bildene fra fullmåne-rideturen eg var på Fredags-kveld/natt, som eg skal legga ut no heilt til slutt. Må berre fyst dela eit bilde av ei av dei vakre beitemarkene her i Cabarete, rett bortanfor hotellet:
Her hadde hesten faktisk funne seg eit relativt fint område og beite på, men ofte står dei midt oppi plankar, knust glas, plankar med spikrar i og gudveit... Trur nok dessverre ikkje det finst nokre reglar for sånt her nede... =/


Også var det fredagen! Utruleg fin ridetur på stranda i mørket, fullmåne og masse bølger, og ein sinnsjukt lat hest... Akkurat det siste kunne eg tenkt meg å forandra på, men stakkar, eg har som oftast ikkje lyst å springa rundt i sanden som ein tulling klokka elleve-tolv om natta eg heller, så eg kan jo setta meg inn i situasjonen! :p
Hestane midt uti bushen der turen starta, me vart stua ca. 12 stykk baki planet på ein pick-up og køyrt 10-15 minutt for å komma oss dit, noko som i for seg var ganske kosleg, hverfall i forhold til å sitta bakpå ein moped ilag med 2 og kanskje 3 andre og klora seg fast!!
Og sånn før eg gløyme det, dei har ildfluger her!! =D Me trudde først det sat folk inni bekmørket og lyste på oss midt inni ødemarka, hehe... Var ein halvnervøs gjeng der ja som satte igang med teoriane sine i ca. 10 minutt før eg måtte springa å spør kva i alle dagar det var som lyste i skogen... :p

                                       Marita fra klassen trygt på plass og klar til tur! :)

Framme på stranda "La Boca", der me fekk herleg dominikansk buffet, kosa oss ved bålet, høyrde musikk, og såg på månen... <3





-Lene-

4 kommentarer:

  1. Fantastiske bilder!!! Drømmer meg vekk, både til Lilja og varmare strøk;) Så små ungar får ikkje vere på restaurant og kjøpe hamburger:/..... Flink kokk, kjekke badeløver og heldig måneskinsrytter!:)) Kjekt å sjå og lese:) Kos dokke<3

    SvarSlett
    Svar
    1. MEGET spesielt ja... =/
      Han får ha så god burger han berre vil når det skal vere sånn, eg kjem ikkje til å reisa dit igjen.. ;)
      <3

      Slett
  2. Hei!!! Har fulgt bloggen!! For nokre flotte opplevingar de har.. Og so flinke kokk de har med:-) eg kjem nok t å vera innom her både titt og ofte!!! Her heime begynnar da å vårast. Men forsatt litt snø atte i hagen. Blir heilt 'sjuk' når eg ser dei flotte sommerbilder frå dikka!! Helsa t Mats og Lilja!! Kos dikka vidare!!! May Britt

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei May Britt! So kjekt at du har funne vegen inn hit og!! ;) Herleg at dikka endeleg går lysare tider i møte heima og, gler meg te å komma heim te Norsk vår, finaste tiden det! :)
      Ska helsa so mykje att, og tusen takk for det! :)

      Slett