søndag 15. april 2012

Lo siento!

Eller, beklager, som det heiter på godt norsk! Evighetar sidan eg har oppdatert bloggen no, og også denne gangen er det jo fleire grunnar til det. Som dei aller fleste har fått med seg har det skjedd komplikansjonar her nede som har gjort at det rett og slett ikkje har vore hverken tid, mulighet eller så mykje å skrive om. No har eg leigd ein ny leilighet ilag med 2 venninner fra spansken, og her har me ikkje fått internett før no. Eller, eg har vel og merke internett kun på soverommet... Me har og hatt mangel på strøm, vatn, lys, og andre kjekke ting, så no håpar eg at ting skal holde seg sånn omtrent stabilt (i den forstand strømnettet her nede kan kallast stabilt nokon gang...) framover, sånn at eg kan nyte den siste mnd. her! ;)

Til tross for alt dette, så er eg fortsatt utruleg glad i dette landet og denne plassen, og eg synes det er ufattelig trist at eg snart må heim... Det er så forskjellig fra Norge, men eg elskar å få sjå og oppleve ein heilt anna kultur og andre omgivelsar enn eg er vant til, det er utruleg spesielt å sjå forskjellane mellom her og Norge...! Heime tek me det for eksempel for gitt at me har me kan kaste dopapiret i do (det kan ein ikkje her), at ein i det heile tatt har ein do og at ein har ein dusj, strøm, varmt vatn, ja, eg kunne fortsatt lenge men eg skal prøve å få dytta inn litt bilder og andre ting enn mine refleksjonar her og..! ;p

Akkurat no er eg så heldig å ha besøk av min kjære søster Silje, skulle ønske eg berre kunne ha ho her til eg skulle heim, men, ho reiser på Torsdag, så me har masse me skal gjere dei neste dagane! Idag var me i nasjonalparken her og bada i eit naturleg ferskvannsbasseng i ei grotte, og i morgon skal me til Puerto Plata i ein vannpark som heiter Oceanworld å svømme med delfinar og sjøløver ilag med Lilja og Mats, så det gler me oss til!! :)

Tenkte eg kunne dele eit par bilder fra da eg, Mats og Lilja var i Monkey Jungle å besøkte apekattane, og prøvde zip-line! Kjempeartig, blir uten tvil ein tur til før eg skal heim!!
Hahaha, eg elska detta bildet, det vise så klart kvifor ein IKKJE bør åpna ei banan i ein jungel full av aper!! =D

Var iguaner, påfugler, perlehøner og kalkunar det og, og kanskje fleire dyr fuglar, var hvertfall utruleg fint å sjå!! :)

Zip-line bildene kan eg ta ein anna dag, og ein del andre bilder, no må eg faktisk sova...! ^^
Kan avslutta med eit par bilder av nye leiligheten min, som eg reint estetisk sett er veldig fornøygd med, antall insekt og defekte ting kunne eg spart meg for, men eg ha vor flink å klaga så no fungerar det meste! ^^

Ganske så fint synes eg egentlig, greit å ha veranda med solstolar og det heile, så slepper eg reise på stranda å høyre på alt maset fra selgarane der heile tida! :p

Lilja tykkje og at leiligheten e fin, men det kan vel ha mykje å ha med at "jentene mine" som ho kallar dei bur her og, hehe...

Utsikten er ikkje akkurat som på Ocean One, og her er gitter framfor alt som heiter glasruter og dører, men, eg synes det har sin sjarm! ;)


Kjem tilbake mykje raskare neste gong med meir bilder og oppdateringar, har så ufatteleg mykje eg vil fortelle å vise, men det må vente til ein annan dag, no er det leggetid for meg, og god morgon til alle dykk der heime! :)

PS! Mommo, eg gledar meg til å komma heim å eta middag hos deg, første ting å lista mi over ting eg skal gjera når eg kjem heim.!! <3

-Lene-

1 kommentar:

  1. Ke ha skjedd med deg og Mats? Uffa, håpe d ordne seg for dikka. <3
    Ha du og Lilja flytta ut frå Mats?

    SvarSlett