fredag 4. mai 2012

Back again!!

Yes, da har eg funne roen og satt meg godt til rette att for å prøva komma med ein liten oppdatering til dikka der heime sånn på tampen av oppholdet! ;) 1 veke att no, skal bli både godt og trist, men eg gler meg masse til å sjå dikka att alle sammen...!! :)

Silje er no kommet seg trygt tilbake til Norge att, men trur ho hadde 12 innholdsrike og kjekke dagar her nede, har ein anelse om at eg har skapt ein framtidig dominikanar! :p

Eine dagen havna me som eg trur eg har nevnt på sigarrulling av alle ting i Puerto Plata, som er ein halvtimes køyretur herfra. Me skulle egentleg berre handle litt og køyre go-cart, men så vart me lokka inn i eit amber (rav) - museeum, som og hadde sigarproduksjon/salg og mamajuanaproduksjon/salg. Kom inn der så fekk me kver sitt glas mamajuana i neven, og eg fekk meg ein feit sigar med kanel-aroma, så der stod me inne å kosa oss! ^^
Så spurte eg om ikkje han kunne lage ein sigar til meg, men jammen henta han ikkje ein mann som ville lære oss korleis me kunne lage vår heilt eigen sigar! =D






Det var artig, så no har eg med meg ein sigar heim som eg har laga heilt sjølv, den er freda!! :p

Etterpå køyrde me go-cart, det var og morro, fordi eg KNUSTE Silje så til dei grader!!! =D HAHAHA!!! Var forskjellige baner med forskjellige baner, også var det sånne kræsje-biler og, men dei var heilt skada å køyre, dei snurra berre rundt og rundt... :p


Så no er eg klar for å ta lappen når eg kjem heim, norwegians, prepare yourselves!!! ;)

I tillegg måtte ho jo få med seg nokon naturopplevingar, så da var det obligatorisk med ein tur til nasjonalparken her i Cabarete for å bade i natural-pool, ferskvatnbasseng som ligg nedi grotter i fjellet med nydeleg natur rundt, herleg, hvis ein huskar myggspray! ^^ Har dessverre ingen egentlig gode bilder derfra, men det må eg prøve få ordna ein dag, har nokon mindre heldige her som eg slenger ut likevel...! :p


 Haha, han fyren her kom berre plutselig klatrande ned fra taket av grotta, me skjønte ingenting!! :p

Silje var jo sjølvsagt skeptisk, så endte me at me måtte regelrett kasta ho uti, hehe.... :p

 Ein kan hoppa ned fra toppen der, og det er ganske høgt, og eg tok ikkje sjansen på at eg visste kor eg skulle lande for å ikkje treffa botn, så eg tok det som ein mann, feiga ut og tok stigen ned...! ^^

Det er massevis av sånne ferskvatnbasseng her, så eg håpar på å ta ein ridetur opp til eit skikkelig stort eit uti veka og få tatt nokon skikkelege bilder, for dikka ana ikkje kor fint det er, nesten som det er ein skam å legge ut så dårleg beskrivande bilder, men men... 

Sist men ikkje minst, så måtte me vise ho korleis dominikanarar bur, eter og lever, så me laga til eit lite middagsselskap hos familien til nokon eg kjenner her nede! Der fekk ho servert tradisjonell dominikansk mat, frityrsteikt kylling og ris (som var tilsett kokos og noko greier, nam nam), og sjølvsagt frityrsteikte platanos!! 
 I tillegg ville frøkna ha potetstappe, så dei hadde laga ein eigen porsjon med det berre til ho! =D

Som vanleg her nede, så skjer det alltid noko uventa: 

 

Herregud som me kvapp første gangen det plutselig stod fleire meter med flammar rett bortanfor oss!! :p

No er eg tom for bilder å vise, og eg er invitert på avskjedsfest på Hummingbird sidan folk begynner å reise snart. Så no skal eg pynte meg litt å ut å vere sosial! ;) Neste gang kan eg fortelle om turen eg hadde til Santo Domingo (hovudstaden) forrige helg, noko som var ein ganske så sprø tur på mange måtar... Godt me bur i Norge seier berre eg for no, så får me ta detaljane seinare!! ;)
Snakkast snart alle saman!! 

-Lene-

onsdag 18. april 2012

Step by step

Prøver litt etter litt å fylle på med litt bilder og info om kva som har skjedd siste vekene, men er så masse å skrive å så mange bilder at eg kan ikkje ta alt på ein dag...! ;)

Så, igår var eg, Silje, Lilja og Anja (barnevakten) i Monkey Jungle, igjen. Derfor syns eg det passa bra å vise litt av bildene fra sist gang me var der, når me prøvde zip-line! I tillegg må eg berre slenge med eit bilde fra denna gangen. Trur hvis ein sler opp på "glede" i ordboka, så finne ein eit bilde som lignar på dette!! ^^ (hvis du ser vekk ifra det halvtrøtte trynet til ho til høgre.. :p)


Herlige jenta vår!! :) Så skal eg prøve om nettet her taklar at eg legg ut ein serie bilder fra zip-line turen, etter det har eg ingen vidare ambisjonar om å få lagt ut noko særleg meir, då dette innlegget sikkert har tatt godt over ein halvtime allerede..! :p











Ja, det tok da litt i overkant av ein time å få lasta opp..!! :p Så som dikka sikkert forstår er det umuleg å få lagt ut så mange bilder som eg kanskje skulle ønske, men prøver å plukke ut litt forskjellig. Tok vekk dei der Lilja såg livredd ut, haha, uff, og ellers så var det egentleg ganske ymse dei bildene han fotografen tok for sei det sånn, men bedre å kjøpe bilder for 50kr av han enn å mista speglrefleks-kameraet ned i ein sump eller eitlanna kjekt 10 under meg..!! ^^
Sånn for å innrømma ein ting, så var eg MEGET skeptisk då eg kom til det holet dikka ser bilde av, og fekk beskjed : "Jump!"
"Are you crazy?!", fekk han til svar! Hehe, men det var ikkje så langt ned som eg frykta, men saken var jo at det var umuleg å sjå!!Og det er ganske anleis å hoppe rett ned utfor ein kant med eit tau rundt magen, enn å skli bortover/nedover ein vaier med dobbel sikring...!! :p

No teke me snart kveld her, så bilder fra nasjonalparken, go cart kjøringen og sigarrullingen ( ja, faktisk, av alle ting!!) eg og Silje har vore på, kjem ein anna dag! ;)

Håpa alle heime har det bra, me kjem snart heim til dikka, og det er neeeesten (men berre nesten) så me har begynt å få litt heimlengsel!! ;)

-Lene-

søndag 15. april 2012

Lo siento!

Eller, beklager, som det heiter på godt norsk! Evighetar sidan eg har oppdatert bloggen no, og også denne gangen er det jo fleire grunnar til det. Som dei aller fleste har fått med seg har det skjedd komplikansjonar her nede som har gjort at det rett og slett ikkje har vore hverken tid, mulighet eller så mykje å skrive om. No har eg leigd ein ny leilighet ilag med 2 venninner fra spansken, og her har me ikkje fått internett før no. Eller, eg har vel og merke internett kun på soverommet... Me har og hatt mangel på strøm, vatn, lys, og andre kjekke ting, så no håpar eg at ting skal holde seg sånn omtrent stabilt (i den forstand strømnettet her nede kan kallast stabilt nokon gang...) framover, sånn at eg kan nyte den siste mnd. her! ;)

Til tross for alt dette, så er eg fortsatt utruleg glad i dette landet og denne plassen, og eg synes det er ufattelig trist at eg snart må heim... Det er så forskjellig fra Norge, men eg elskar å få sjå og oppleve ein heilt anna kultur og andre omgivelsar enn eg er vant til, det er utruleg spesielt å sjå forskjellane mellom her og Norge...! Heime tek me det for eksempel for gitt at me har me kan kaste dopapiret i do (det kan ein ikkje her), at ein i det heile tatt har ein do og at ein har ein dusj, strøm, varmt vatn, ja, eg kunne fortsatt lenge men eg skal prøve å få dytta inn litt bilder og andre ting enn mine refleksjonar her og..! ;p

Akkurat no er eg så heldig å ha besøk av min kjære søster Silje, skulle ønske eg berre kunne ha ho her til eg skulle heim, men, ho reiser på Torsdag, så me har masse me skal gjere dei neste dagane! Idag var me i nasjonalparken her og bada i eit naturleg ferskvannsbasseng i ei grotte, og i morgon skal me til Puerto Plata i ein vannpark som heiter Oceanworld å svømme med delfinar og sjøløver ilag med Lilja og Mats, så det gler me oss til!! :)

Tenkte eg kunne dele eit par bilder fra da eg, Mats og Lilja var i Monkey Jungle å besøkte apekattane, og prøvde zip-line! Kjempeartig, blir uten tvil ein tur til før eg skal heim!!
Hahaha, eg elska detta bildet, det vise så klart kvifor ein IKKJE bør åpna ei banan i ein jungel full av aper!! =D

Var iguaner, påfugler, perlehøner og kalkunar det og, og kanskje fleire dyr fuglar, var hvertfall utruleg fint å sjå!! :)

Zip-line bildene kan eg ta ein anna dag, og ein del andre bilder, no må eg faktisk sova...! ^^
Kan avslutta med eit par bilder av nye leiligheten min, som eg reint estetisk sett er veldig fornøygd med, antall insekt og defekte ting kunne eg spart meg for, men eg ha vor flink å klaga så no fungerar det meste! ^^

Ganske så fint synes eg egentlig, greit å ha veranda med solstolar og det heile, så slepper eg reise på stranda å høyre på alt maset fra selgarane der heile tida! :p

Lilja tykkje og at leiligheten e fin, men det kan vel ha mykje å ha med at "jentene mine" som ho kallar dei bur her og, hehe...

Utsikten er ikkje akkurat som på Ocean One, og her er gitter framfor alt som heiter glasruter og dører, men, eg synes det har sin sjarm! ;)


Kjem tilbake mykje raskare neste gong med meir bilder og oppdateringar, har så ufatteleg mykje eg vil fortelle å vise, men det må vente til ein annan dag, no er det leggetid for meg, og god morgon til alle dykk der heime! :)

PS! Mommo, eg gledar meg til å komma heim å eta middag hos deg, første ting å lista mi over ting eg skal gjera når eg kjem heim.!! <3

-Lene-

lørdag 24. mars 2012

Beklagar!!

Etter å ha motteke skrifteleg klage på at eg ikkje hadde oppdatert bloggen på altfor lenge, så bestemte eg meg at eg måtte sette meg ned i dag, eller natt rettare sagt, og gje ei lita oppdatering!.. ;)

Det finst fleire grunnar til at det har vorte dårleg med blogging denne veka.
Ein del av dei grunnane er:
1. Regn
2. Oppkast
3. Matforgiftning

Ingen av temaene var noko eg ansåg som særleg god lesning, og det har vel heller ikkje blitt gjort dei heilt store sprella heller som følge av desse 3... :p

Men, me har jo sjølvsagt tilbragt eit par timar om dagen med denne alltid like livlege gjengen:

Også i klasserommet gjorde regnet stadig sitt inntog, og etter kvart gjekk me tom for tørre plassar å sitte og å legge fra oss bøker på. Men, da var det berre å klynge seg saman i det eine hjørnet i lokalet der regnet ikkje var kome til, one big happy family! ;) At klasserommet er oversvømt med regn og at det regnar på bøkene dine er ikkje gyldig grunnlag for å sleppe skule her nede for å sei det sånn!

      Lilja har og funne seg ein relativt lur stad å gøyme seg frå regnet, og oss andre:


I går bestemte me (Lilja) oss for å trossa regnet og reisa på stranda, for det SKULLE gravast i sanden! Og når sjefen har sagt det så blir det så... For å sei det slik, 1 veka innendørs i regn på 50 kvadratmeter med ein liten men trassen 2-åring, det var ikkje vits å protestera på den beslutningen! :p


Medan me var der nede så skjedde det brått noko rart. Eg var heilt sikker på eg hadde fått eit illebefinnande! Den eine foten plasserte seg framfor den andre, og så den andre framfor den att, i stadig raskara tempo. Eg skjønte ingenting, strandstolar og folk forsvant bak meg i stadig raskare tempo, vinden ruska meg i håret, kva i alle dagar?! Eg trur eg, ja eg,  jogga?!!
Heilt ubegripeleg kva eit par dagars keisamheit og litt frisk havluft kan gjere med eit menneske, men der sprang eg altså bortover stranda, frivillig!! :p
Sjølv om eg trur eg holdt på å dø da eg kom tilbake til Mats og Lilja, og eg ikkje er i stand til å sette meg ned på huk idag fordi det kjennest ut som låra skal revne, så var det igrunn ganske deilig og..! Eg vurderar å gjere det oppatt ein dag, men ikkje idag...! ^^

Idag har eg vore på besøk i ein liten landsby ein halvtimes køyring unna som heiter Montellano,  saman med legen her i Cabarete og dattra hennar, og 3 jenter frå klassen. Legen, Mirian, reiser opp dit 1 gang i månanden for å gje gratis legehjelp til dei som bur der oppe, då dei ikkje har pengar, og mange av dei som er flyktingar fra Haiti, har heller ikkje papirer, noko som gjer at dei mistar det vesle ein har av rettigheiter i dette landet.
Desse turane finansierar Mirian ut av si eiga lomme, og i fjor bestemte ei gruppe studentar ved Studyaway at dei ville vere med å hjelpe ho med dette fantastiske arbeidet ho gjer, og no er me med å viderefører den visjonen! :) Mirian tjener kun 12 000 pesos i mnd av staten her som lege, noko som tilsvarer 2000 norske kroner, så ho er langt fra overbetalt sett ifra vår ståstad, men ho bidreg med det ho har likevel! No har dei heldigvis fått inn litt privatsponsorar som legger i litt pengar her og der så ho slepp betale alle medisinene sjølve, og eg kjem heilt sikkert til å støtte dette prosjektet i framtida også. Søker dykk på Montellano på facebook finn dykk meir info, eg kjem tilbake med bilder og litt meir om turen i morgo når eg har alle bildene på plass :)

                             Resten av dagen idag har gått med på å møte nye venner:


                                                            Og grave dei ned!

Avslutta dagen med middag på favoritt-kyllingsjappa vår, der Lilja har favorittguten sin ^^

Har og gravd fram litt fleire bilder fra litt diverse ting me har gjort sidan me kom, men no har innlegget mitt blitt sletta 3 gonger sidan eg begynte, så no er eg lei ustabilt nettverk og satsar på ei god natts søvn istaden for! Kan lage eit "Best of" innlegg ein anna dag, hehe... Skal prøve komme tilbake til dykk i morgon med bilder fra Montellano, OG, i morgon skal me til "Monkey Jungle" å helsa på alle apekattane!! Spennande spennande, følg med! ;)

-Lene-