Silje er no kommet seg trygt tilbake til Norge att, men trur ho hadde 12 innholdsrike og kjekke dagar her nede, har ein anelse om at eg har skapt ein framtidig dominikanar! :p
Eine dagen havna me som eg trur eg har nevnt på sigarrulling av alle ting i Puerto Plata, som er ein halvtimes køyretur herfra. Me skulle egentleg berre handle litt og køyre go-cart, men så vart me lokka inn i eit amber (rav) - museeum, som og hadde sigarproduksjon/salg og mamajuanaproduksjon/salg. Kom inn der så fekk me kver sitt glas mamajuana i neven, og eg fekk meg ein feit sigar med kanel-aroma, så der stod me inne å kosa oss! ^^
Så spurte eg om ikkje han kunne lage ein sigar til meg, men jammen henta han ikkje ein mann som ville lære oss korleis me kunne lage vår heilt eigen sigar! =D
Det var artig, så no har eg med meg ein sigar heim som eg har laga heilt sjølv, den er freda!! :p
Etterpå køyrde me go-cart, det var og morro, fordi eg KNUSTE Silje så til dei grader!!! =D HAHAHA!!! Var forskjellige baner med forskjellige baner, også var det sånne kræsje-biler og, men dei var heilt skada å køyre, dei snurra berre rundt og rundt... :p
Så no er eg klar for å ta lappen når eg kjem heim, norwegians, prepare yourselves!!! ;)
I tillegg måtte ho jo få med seg nokon naturopplevingar, så da var det obligatorisk med ein tur til nasjonalparken her i Cabarete for å bade i natural-pool, ferskvatnbasseng som ligg nedi grotter i fjellet med nydeleg natur rundt, herleg, hvis ein huskar myggspray! ^^ Har dessverre ingen egentlig gode bilder derfra, men det må eg prøve få ordna ein dag, har nokon mindre heldige her som eg slenger ut likevel...! :p
Haha, han fyren her kom berre plutselig klatrande ned fra taket av grotta, me skjønte ingenting!! :p
Silje var jo sjølvsagt skeptisk, så endte me at me måtte regelrett kasta ho uti, hehe.... :p
Ein kan hoppa ned fra toppen der, og det er ganske høgt, og eg tok ikkje sjansen på at eg visste kor eg skulle lande for å ikkje treffa botn, så eg tok det som ein mann, feiga ut og tok stigen ned...! ^^
Det er massevis av sånne ferskvatnbasseng her, så eg håpar på å ta ein ridetur opp til eit skikkelig stort eit uti veka og få tatt nokon skikkelege bilder, for dikka ana ikkje kor fint det er, nesten som det er ein skam å legge ut så dårleg beskrivande bilder, men men...
Sist men ikkje minst, så måtte me vise ho korleis dominikanarar bur, eter og lever, så me laga til eit lite middagsselskap hos familien til nokon eg kjenner her nede! Der fekk ho servert tradisjonell dominikansk mat, frityrsteikt kylling og ris (som var tilsett kokos og noko greier, nam nam), og sjølvsagt frityrsteikte platanos!!
I tillegg ville frøkna ha potetstappe, så dei hadde laga ein eigen porsjon med det berre til ho! =D
Som vanleg her nede, så skjer det alltid noko uventa:
Herregud som me kvapp første gangen det plutselig stod fleire meter med flammar rett bortanfor oss!! :p
No er eg tom for bilder å vise, og eg er invitert på avskjedsfest på Hummingbird sidan folk begynner å reise snart. Så no skal eg pynte meg litt å ut å vere sosial! ;) Neste gang kan eg fortelle om turen eg hadde til Santo Domingo (hovudstaden) forrige helg, noko som var ein ganske så sprø tur på mange måtar... Godt me bur i Norge seier berre eg for no, så får me ta detaljane seinare!! ;)
Snakkast snart alle saman!!
-Lene-